Ingen kunst å skaffe drikke

Det er ikkje uvanleg at ungdom byrjar å drikke alkohol før fylte 18. Ungdommane sjølve hevdar at drikkepress ikkje er årsaka til at dei drikk.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Simone» smakte alkohol første gongen allereie som 13-åring medan «Anne» og «Pia» byrja å drikke då dei akkurat var fylt 16. Ein eldre kjærast og eldre venninner var pådrivarane. Mange ungdomar byrjar å drikke alkohol mange år før dei eigentleg har lov.

– Eg heldt fram med det fordi det er sosialt og eg blir meir omgjengeleg, seier ”Simone”.

Foreldra legg grunnlaget
Foreldra har fått vite at jentene «smakar» alkohol, men ingen av dei vil kome heim full.

– Det er respektlaust, og hadde det hendt med meg, hadde eg gått rett og lagt meg, seier Anne. Foreldra har også eit forhold til alkohol som inneber ei øl i ny og ne eller ein fest med kollegar. Dei er alle einige i at foreldra legg grunnlag for kva forhold borna har til alkohol, og dei er glad ingen av dei har sett foreldra fulle.

– Foreldra mine kjøpte av og til drikke til søskena mine då dei var 16, men det har dei ikkje gjort til meg. Det er greitt at foreldra veit at ungane deira drikk, men foreldra aksepterer det å kjøpe drikke til ungdommane sine og det er ikkje like bra, seier Simone.

Bygdefest
Ein vanleg fest er ein såkalla bygdefest. Det er blanding av ungdom på 15-25 år der om lag halvparten er inne og dansar medan resten står ute og røykjer og pratar. Litt knuffing og slåssing høyrer også med, ifølge jentene. Dei private festane er det mest av når det er vorspiel før ein såkalla bygdefest.

– Folk er redd for å ha heimefestar som skal vare heile kvelden, seier Pia. Ingen av jentene har nokon gong vore ute på byen, men dei kjenner jenter på deira eigen alder som har kome inn på utestadar utan ein gong å bli spurd etter legitimasjon.

– Nokre av dei ser eldre ut, så dei går berre rett inn, seier Simone.

Ikkje spesielt for Haram
Drikkevanene er annleis i Ålesund enn i Haram, meiner jentene.

– Der er det meir heimefestar og dei dreg til byen for å prøve å komme inn på utestadar, seier Simone. Der festar dei ofte med dei same folka, så sånn sett er det meir sosialt her sidan det er ulike folk kvar gong.

Pia er einig og legg til at det er folk frå andre stadar som er nysgjerrig på korleis festane er her, så på neste dans reknar dei med fleire tilreisande.

– I klassa mi på vidaregåande er det alle som drikk, så det er ikkje noko som er spesielt for Haram, seier Anne.

Drikkepress er ikkje så utbreidd som ein skulle tru, og ingen av jentene har blitt utsatt for det.  – Nokre gongar er det eldre gutar som prøvar å få dei yngre til å smake, men dei gir seg fort når dei får beskjed å gi seg frå andre, seier Pia.

OK aldersgrense
Aldersgrensa synest dei er heilt grei sjølv om dei ikkje held seg til den sjølve.

– Det er venar og kjende som kjøper drikka, seier Anne. Nokre gongar er det til og med venar av venar.

I Danmark er grensa for å kjøpe alkohol 16 år, og det synast Simone er for tidleg.

– Når grensa er så låg, byrjar dei også å drikke tidlegare. Eg kjenner danskar som har byrja å drikke når dei var 13 og det er visst vanleg. Foreldra kjøper også alkohol til dei, seier ho.

Cider eller sprit
Det desse jentene drikk er som regel cider eller sprit.

– Eg drikk ikkje cider meir, for eg vart så full første gongen eg drakk det, fortel Anne.

Til helga blir det Hot ’n Sweet, og det er allereie kjøpt inn!

Simone plar dele drikke med venninner og drikk berre sprit. Ho har ingen problem med å få tak i det.

– Så lenge det er godt planlagt og den kan bli levert til meg utan at nokon ser det, er ikkje folk nølande med å kjøpe for meg, seier ho.

Kva meiner du om aldersgrensa for kjøp av alkohol?