Lova å flytta 6000 – klarte 85

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me aktar å setja hardt mot hardt for å få Arbeidarpartiet med på ein storstilt flyttesjau. 6000 statlege arbeidsplassar skal ut av Oslo i løpet av fire år, sa dåverande nestleiar i Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, til Bergens Tidende i juni 2005.

No har avisa undersøkt kor mange statlege arbeidsplassar som faktisk er etablert utanfor stor-Oslo. Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti fekk redusert ambisjonane i Soria Moria-fråsegna, slik at dette berre skulle gjelda nye statlege verksemder og nye funksjonar som blir etablert som eigne einingar.

Ikkje nøgd
Leiar i Hordaland Sp, Steinulf Tungesvik, er ikkje nøgd med måten regjeringa har oppfylt målet.

– Nei, vi har mykje å gå på før det er oppfylt. Men det er to og eit halvt år igjen av perioden, og ting er på gang, seier han til BT.

Tungesvik viser til det foreslegne Vegtilsynet, som Hordaland Sp ynskjer plassert på Stord.

For to år sidan viste tal frå SSB at 40 arbeidsplassar var flytta frå Oslo, medan 1900 nye var kome til i hovudstaden, ifølgje NRK.

Kva meiner du? Kva skal til for å avgrensa sentraliseringa av statlege arbeidsplassar?