Ungdom vil heller ha reklame på norsk enn på engelsk, viser kartlegging.

 

mm

Seks av ti vil no ha all reklame på norsk. Det viser ei undersøking TNS Gallup har utført for Språkrådet. I aldersgruppen 15-29 har dei som synst det er for mykje reklame på engelsk gått opp frå 25 prosent i 2008 til 47 prosent i 2010.

Den siste undersøkinga tyder på at folk flest er blitt meir kritiske til engelsk i reklame:
– 52 prosent er no samd i påstanden «det blir nytta generelt for mykje engelsk i reklame og marknadsføring». Det er 13 prosent fleire enn i 2008.
– 62 prosent er samd i påstanden «norsk språk bør nyttast i all reklame og marknadsføring i Noreg». Det er ein auke på ti prosent frå 2008.
– 46 prosent svarar «negativ» på spørsmålet «er du alt i alt positiv, likesæl eller negativ til bruk av engelsk i reklame i Noreg?». Det er ti prosent fleire enn i 2008.

– Næringslivet bør merke seg at folk i aukande grad føretrekkjer reklame på norsk. Dei føretaka som brukar norsk som reklamespråk, har støtte blant kundane. Folk flest er openbert ikkje nøgt med at norsk blir bytt ut med engelsk, seier Sigfrid Tvitekkja, fungerande direktør i Språkrådet i ei pressemelding.

Kva synst du om reklame på engelsk?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.28

Kommentarar

ANNONSE