Viser fram Framtidsfylket

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Viser fram Framtids- fylket

Framtidsfylket inviterer for femte år på rad studentar og arbeidssøkjarar til å koma på karrieremesser i Trondheim, Oslo og Bergen. I år blir det også messe i Sogndal. På messene viser Sogn og Fjordane, regionane og arbeidsgjevarar seg frå si beste side for å rekruttera jobbkandidatar og tilflyttarar. Og erfaringane er gode.

– Me har med oss mange bedrifter frå Sogn og Fjordane, som tilbyr eit stort mangfald av jobbar der høgskule- og universitetsstudentane kan få brukt utdanninga si. Me trur at eit lettlevd liv, breidde i både kulturtilbod og natur vil vera forlokkande for dei som er i gang med å planleggja framtida til seg og sine. Sogn og Fjordane kan gje denne balansen i kvardagen – i eit fylke der rushtid og giftlokk er framandord, seier dagleg leiar Anne van Oorschot i Framtidsfylket AS.

Fekk jobb
Men ho understrekar at det til sjuande og sist er arbeid og høve til å gjera karriere som for dei fleste avgjer kvar ein vel å busetja seg.

Daniel Wergeland er samd. Han er trainee hos Normatic i Førde.

– Å veksa med ei lita bedrift i utvikling går raskare enn i eit byråkratisk kjempesystem i storbyen. Og her kan du realisera ein drøymebustad og likevel få ein kremjobb som er i tråd med utdanninga. Eg trivs så godt at det bør regna eld frå himmelen før eg gir meg i veg og flyttar herifrå, seier Wergeland.

SKRIVEKONKURRANSE: Kva framtid vil du ha på heimstaden din?

At rekrutteringsmessene har vore ein god møteplass både for arbeidsgjevar og arbeidssøkjar er det tallause døme på. Ein av dei som fekk seg sommarjobb i Førde etter fjorårsmessene er jølstringen Leif Gabriel Kapstad.

– Eg vart merksam på at Sunnfjord Energi hadde bruk for kompetansen min på Framtidsfylket si karrieremesse i Bergen, då eg kom i prat med nettsjefen. Før det hadde eg ikkje tenkt at det var råd å få seg jobb i heimtraktene. Det var ein fin førstekontakt, og ein uformell samtale på messa gjer underverk, seier Kapstad.

– Fylke i sunn vekst
Den daglege leiaren i Framtidsfylket er også glad for at det er stadig meir lovande for dei som planlegg ei framtid i Sogn og Fjordane, ikkje minst fordi enkeltkommunar, regionar og heile Sogn og Fjordane tek sjumilssteg framover på lista over kva område som har best lønsemd og framgang i landet, heiter det i ei pressemelding.

– Sogn og Fjordane har alltid orientert seg mot omverda, og står for mykje av verdiskapinga i Norge og ein stor del av norsk eksport. Her finn du spennande jobbar og vekstarenaer i dei mange næringsklyngene innan høgteknologisk industri, maritim og offshore, marin, design, finans og økonomi, offentlege tenester/forsking og utvikling, energi og IKT, seier van Oorschot.

Formidlar mangfaldet
På karrieremessene vert mangfaldet av vegar til eit godt liv i framtidsfylket formidla. Både det private næringslivet og offentleg sektor i Sogn og Fjordane ønskjer velkomen til eit fagleg og sosialt møtepunkt på karrieremessene. Det blir mingling, stands og tapas, og premiere på «Framtidsfylket Sogn og Fjordane»-filmen.

På messa får dei besøkande også høve til å læra meir om den unike traineeordninga og å treffa traineebedriftene.

– Messa kan like gjerne sjåast på som ein uformell møteplass der ein kan treffa folk og bedrifter frå Sogn og Fjordane, ha det triveleg og få inspirasjon til karriereval, seier van Oorschot, som gjerne vil ha flest mogleg av bedriftene med seg på messene kringom i landet for å visa den store breidden i type arbeidsplassar.

Framtidsfylket sin karrieremessee 2011 finn stad i Trondheim torsdag 3. februar, i Oslo måndag 7. februar, i Sogndal tysdag 15. februar og i Bergen torsdag 17. februar.

LES SAKA I SOGN AVIS!