Blå bølgje over fylka

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det ligg an til borgarleg fleirtal i 14 av 19 fylke i Noreg. Det viser ei analyse av ei rekkje lokale partimålingar det siste halvåret som vekebrevet Mandag morgen og nettstaden Poll of Polls har gjort. I dag har Arbeidarpartiet fylkesordførar eller fylkesrådsleiar i 11 fylke. Dermed kan det også bli endringar i måten vidaregåande skular, samferdsle, kultur, tannhelse og næringsutvikling blir styrt på i fylkeskommunane.

Blått i kommunane
41 nye kommunar ligg an til borgarleg fleirtal. Det tyder at det til saman blir 182 kommunar med borgarleg fleirtal. Det er kring 30 prosent fleire enn i dag. Dei raudgrøne mistar fleirtalet i 26 kommunar. Samstundes klarar dei å vinne 15 nye kommunar der det anten har vore dødt løp tidlegare eller der bygdelister eller andre parti har lege på vippen og hindra nokre av blokkene i å få fleirtal.

LES OGSÅ: Buss dyrast i Sør-Trøndelag

Men det er enno usikkert kor godt bygdelistene klarar å mobilisera. Dei mobiliserer normalt mest like før eit val.

Flest borgarlege sigrar blir innkassert i Hordaland, Nordland og Vestfold.

TEMA: Les siste nytt om lokalvalet 2011!