Lærer ikkje demokrati i praksis

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ei utbreidd haldning at ein ikkje treng å snakka om kva demokrati tyder i praksis på ein offentleg finansiert skule i eit demokratisk land, seier Heidi Biseth, stipendiat ved Storbyprogrammet på Høgskulen i Oslo til HiO-Nytt.

Demokratisk sinnelag
Biseth forskar på demokratiopplæringa på ungdomsskular og vidaregåande skular i Noreg, Sverige og Danmark. Ho har djupneintervjua 64 lærarar og rektorar på 14 ulike skular i dei skandinaviske landa om korleis demokratiopplæringa skjer i praksis. I tillegg har ho observert undervisinga.

LES OGSÅ: Vann pris for å lytta til unge

Resultata er nedslåande. Lærarane har rett nok god kunnskap og forståing om det politiske systemet, men dei reflekterer i liten grad over kva demokrati tyder i praksis. Demokratiopplæringa handlar både om formidling av kunnskap om demokratiet, til dømes parlamentarisme og å stemma, men like mykje om å utvikle eit demokratisk sinnelag hos elevane, ifølgje Biseth.

Prioriterer ikkje elevråd
Alle skulane er til dømes pålagt å ha ei form for elevråd, som kan vera éin måte å jobbe med demokrati i praksis på.

– Elevråd fungerer ikkje etter intensjonane. Skulane prioriterer det ikkje. Det blir ikkje sett av tid eller ressursar. Elevane er ikkje interessert seier lærarane, men det kan jo skuldast at dei får så liten innverknad, seier Biseth til HiO-Nytt.

LES OGSÅ: Fleire kommunar utan ungdomsråd

Ho meiner det i dag er avhengig av læraren om det funkar.

Ikkje eige fag
I motsetnad til andre europeiske land har ingen av dei skandinaviske landa eit eige demokratifag. Demokratiopplæringa skal skje i fleire fag, som til dømes samfunnsfag, språkfag og religionsfag.

Ifølgje lærarane sjølv manglar dei både kompetanse og tid til undervising og opplæring i demokrati.

Korleis meiner du elevråd kan funka betre? Korleis meiner du demokratiopplæringa kan bli betre?