Syng ut for lokalsjukehus
Jens Stoltenberg er invitert på lokalsjukehuskonsert med Tone Damli Aaberge.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Syng ut for lokal- sjukehus
Tone Damli Aaberge er blant artistane som stiller på ein konsert til støtte for lokalsjukehusa. Konserten finn stad i Operahuset Nordfjord. Fleire kjende artistar bidreg. Forutan Tone Damli Aaberge, opptrer urørtprisvinnararne Pink Robots og Mariann Thomassen frå Surferosa skal vera konfransier.
– Arrangementet skal synleggjera unge kreative krefter frå Sogn og Fjordane som representerer framtida, i håp om at regjeringa lèt seg inspirera til å tenkja kreativt, nytt og konstruktivt i sjukehussaka, seier initiativtakar til konserten, Janne Endal Andersson, ei mor i Nordfjord.
Ho inviterer Jens Stoltenberg, Anne-Grete Strøm-Eriksen, Liv Signe Navarsete, Kristin Halvorsen og Trond Giske og andre politikarar til konserten.
Endal Andersson utfordra Anne-Grete Strøm-Eriksen i eit møte før jul til å gjera Nordfjord sjukehus til ein foregangsmodell for korleis framtidas lokalsjukehus kan – og bør – drivast.
– Det er me som bur i dette fylket som må ta konsekvensane dersom livsviktige funksjonar som akutt og føde blir lagt ned ved lokalsjukehusa. Me står samla for framtidig liv, tryggleik, regionsutvikling, næringsutvikling og samfunnsutvikling, seier ho.
Dette kjem konserten 19. januar til å innehalda:
Innslag med unge artistar frå Sogn og Fjordane som har markert seg innan sine kreative uttrykksformer. Alle kommuniene i Nordfjord er representerte med innslag, i tillegg til Tone Damli som representerer Sogn:
o Mariann Thomassen Surferosa (Stryn, konfransier)
o Tone Damli (Sogn)
o Odd Erik Lothe (Eid, Stjerneklart)
o Pink Robots (Selje, Urørt 2010)
o Madelene Berg (Eid, ungt fiolintalent)
o Alexander Pavelich (Eid, ungt musikktalent, bur i London)
o Elisabeth Gimmestad (Gloppen, ungt operatalent, går i lære med Elisabeth Nordberg-Schultz)
o Ane Jørgine Frøyen & Anders Alvaro Nydal (Bremanger/Florø, ballett/dans)
o Britt Pernille Frøholm (Hornindal, ungt folkemusikartalent)
o ”By og land” ein protestsong som lokale krefter har snekra i hop i samband med sjukehussaka (Eid)
o Innslag med næringslivsvinkling med Sindre Kvalheim (Vågsøy) – årets unge Gründer i Sogn og Fjordane i 2010
o Fagleg innslag med lege Mads Gilbert (video)