Får nei til å sjå på nynorskeksamen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får nei til nynorsk- innsyn

Språkrådet ønskjer å bruke eksamensoppgåver frå vidaregåande skular for å sjå korleis ungdom bruker nynorsk. Funna vil dei ta med seg i arbeidet med ny norm for målforma. Men Utdanningsdirektoratet seier nei.

Å la Språkrådet få lese slike oppgåver meiner Utdanningsdirektoratet strir med både åndsverkslova og personvernet til elevane. Cathrine Børnes, direktør for juridisk avdeling i direktoratet, seier til NRK at elevoppgåvene kan innehalde opplysningar som er underlagt teieplikt og at elevane sjølve har opphavsrett til oppgåvene sine.

Fungerande direktør Sigfrid Tvitekkja i Språkrådet meiner dette ikkje bør vere noko problem og seier det er snakk om å sjå på bruk av enkelte ord i eit stort materiale.

Språkrådet treng meir kunnskap om korleis ungdommen bruker målforma si, og ønskjer spesielt å sjå på oppgåver frå vestlands-ungdom som i størst grad bruker nynorsk som hovudmål.

Les saka hjå LNK.no!

Kva meiner du? Bør Språkrådet få sjå nynorskoppgåvene?

Faktaboks

Språkrådet arbeider med ei ny rettskrivingsnorm for nynorsk som skal erstatta dagens norm. Arbeidet skal vera ferdig frå Språkrådet si side 15. mai 2011.

Her kan du lesa meir om arbeidet!

I diskusjonsforumet Nynorsk 2011 kan du koma med innspel!