Framtida.no er ein av dei tre første mottakarane av midlar frå Vinjefondet.

Framtida.no er tildelt 200.000 kroner frå det nyoppretta Vinjefondet. Pengane skal nyttast til å oppretta eit engasjement som reisande journalist.

– Veldig kjekt å få denne stadfestinga. Målet med å oppretta eit engasjement som reisande journalist er å få meir journalistikk frå heile landet på nynorsk på Framtida.no. Me ønskjer å visa fram og styrkja engasjementet til unge – og la saker unge er opptekne av setja dagsorden. Eit valår som 2011 vil gjera dette særleg aktuelt, seier Svein Olav B. Langåker, prosjektleiar for Framtida.no.

Telemarkavisa i Skien får 375.000 til eit prosjekt som skal gi meir nynorsk i avisa, Sunnhordland på Stord får 200.000 til utvikling av ein fotograf til skrivande journalist.

Lesarvekst
– Å invitera til debatt og halda vedlike kontakten med brukarane våre vil òg vera blant arbeidsoppgåvene til journalisten. Dette gjeld både innan sosiale media, på Framtida.no, Framtida.origo.no og i møte med ungdommar Noreg rundt, understrekar han.

BLOGG: Har du lyst til å bidra på Framtida.no? Lag din eigen blogg!

Talet på lesarar av Framtida.no er veksande. I løpet av ei veke er det no kring 5000 unike brukarar.

Vil vera lokomotiv på nett
Nyhende- og debattavisa for unge starta 1. september i 2010. Satsinga er eit samarbeid mellom ABC Startsiden, Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Landslaget for lokalaviser (LLA), demokrati for unge-prosjektet ”Mot til å meina”, nettidsskriftet Magasinett og kulturavisa Pirion. Avisa får støtte frå Kulturdepartementet.

13 aviser og tidsskrift leverer i dag stoff til Framtida.no. I tillegg produserer Framtida.no eigne saker og over 15 unge kommentatorar bidreg med faste meiningsytringar.

– Me ønskjer å vera eit lokomotiv for nynorsk på nett, og arbeider difor med å knyta til oss endå fleire partnarar, opplyser Langåker.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.28

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE