Fleire unge fell utanfor

Meir tilpassa opplæring, læreplassar og praksisbrev kan få fleire unge inn i arbeidslivet.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Professor Steinar Strøm åtvarar mot å la fleire ungdommar falle utanfor arbeidslivet.

– Marginaliserte ungdomar og unge vaksne er personar som har stått utanfor utdanning eller ordinært arbeidsliv samanhengande i 3 år eller meir. 6 prosent av 20-åringar, 8 prosent av 25-åringar og 9 prosent av 30-åringar er marginaliserte i samsvar med denne definisjonen, sa professor Steinar Strøm i eit føredrag på årskonferansen til Næringslivets Hovudorganisasjon (NHO).

– Moglege årsaker er omsorgssvikt i oppveksten, ressurssvake personar med diffuse problem, for lang obligatorisk skule, og for teoretisk og manglande læreplassar for yrkesretta utdanning. Dessutan kan terskelen for å koma inn i arbeidsmarknaden kan vera for høg, nemnde han.

Meir tilpassa opplæring
Dei samfunnsøkonomiske kostnadene er tap av produksjon og produktivitet, ressursbruk ved ulike typar tiltak og handsaming, og dessutan velferdstap for marginaliserte ungdomar og deira pårørande.

– Tiltaka kan vere kortare obligatorisk skulegang, kombinert med meir praksisretta utdanning, med lærlingordningar og praksisbrev, og eventuelt lønnstilskot til føretak, foreslår Strøm.

– For mange uføre
– Den viktigaste komponenten i nasjonalformua vår er kunnskapskapitalen til alle arbeidstakarane, minna Strøm.

– Arbeidsløysa i Noreg er svært låg, men me har mange på uføretrygd, sa han i føredraget.

Dei fleste som mottek uførepensjon er mellom 50-60 år, men det er langt meir alvorleg for han det gjeld og for samfunnet når ungdom og unge vaksne blir uføre, påpeikar Strøm.

Arbeidsministeren uroa
I 2005 var 626 ungdommar uføre, medan talet fire år seinare var 954 uføre i alderen 18-24 år.

– Særleg er auken av uføretrygda blant unge menneske noko som uroar meg, sa arbeidsminister Hanne Bjurstrøm sa i talen sin til årskonferansen.

Ho la til at ho ikkje er så uroa for statsfinansane i denne samanhengen, sidan tala er små, men at det likevel er uroande at fleire fell utanfor arbeidslivet og blir uføre når dei så gjerne skulle ha jobba.

Høg yrkesdeltaking
Ser me berre på dei unge under 30 år har yrkesaktiviteten falle med nesten 6 prosentpoeng til 66 prosent. I reine tal er det 63.000 som er gått ut av arbeidsmarknaden. 50.000 av dei har byrja på ei utdanning, ifølgje DN.no. NHO har gått gjennom tala frå OECD og viser at Noreg er det landa der yrkesaktiviteten blant unge mellom 15 og 24 år har størst prosentvis nedgang mellom 2008 og 2009.

– Stadig fleire unge går over på trygdeordningar, og det er alvorlig. I dag er det 27 000 under 30 år som er på arbeidsavklaringspengar. I verste fall kan dei vera ute av arbeidslivet i 40 år. Ender alle på permanent trygd, betyr det ein million tapte årsverk, seier NHO-president Kristin Skogen Lund i ei pressemelding.

video platform video management video solutions video player

Faktaboks