– Gruppearbeid er ein katastrofe

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Gruppe- arbeid er ein katastrofe

Sten Clod Poulsen er ein av grunnleggjarane av den så­­kalla progressive pedagogikken. Bøkene hans om gruppe­arbeid som metode for læring i skolen står på pensum på lærarutdanningar over heile Skandinavia, også i Noreg. No tek han oppgjer med si eiga fortid og kallar bidraget sitt til skandinavisk skole «ein katastrofe».

«Vi visste ikkje kva vi gjorde, eller kva følgjer det skulle få. Vi laga prosjektpedagogikken ut frå lause lufta», seier Clod Poulsen.

Poulsens oppgjer med pedagogane får mykje merksemd blant norske skolefolk. Poulsens kronikkar er publiserte på nettstaden til Utdanningsforbundet og i bladet til Lektorlaget.

– Dette er ikkje berre relevant for den norske diskusjonen. Det treffer midt i hjarta. Det han skildrar, har vi levd med i fleire tiår. Han treffer akkurat på dei utfordringane vi har i den norske skolen, seier Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger.

Bråk og uro
«Idiotisk mistak» er éin av karakteristikkane Clod Poulsen set på den pedagogikken som har prega dansk skole dei siste tre tiåra. Men han strekar under at utgangspunktet var godt. I kjølvatnet av 1968-oppreistane ville unge, progressive skolefolk lage ein ny skole for eit nytt samfunn. Den nye skolen skulle vere eit humanistisk og demokratisk motstykke til ein autoritær puggeskole. I den nye skolen skulle barnet stå i sentrum. Stikkorda var fridom, ansvar for eiga læring, prosjektbasert læring og gruppearbeid. Tanken var at denne medisinen ville vere bra for alle, men særleg for barn frå arbeidarklasseheimar. Dei var nemleg meir vane med ei praktisk tilnærming til problem enn med utanåtlæring. Snart førti år seinare ser Clod Poulsen at barn frå arbeidarklassen er dei som slit mest på skolen. Danske er dei svakaste i Norden med omsyn til lesing og rekning, og skolekvardagen er prega av bråk og uro.

For dei flinke
«Pedagogikken vår vart oppfunnen av høgt gåverike menneske og passar best for høgt gåverike menneske. Det var feil å tru at denne metoden kunne brukast for alle», seier Clod Poulsen.

Sjølvstendige, kritiske og diskuterande elevar var målet for pedagogar som Clod Poulsen i 1970-åra. Men problemet var at elevane som fekk opplæring etter den nye pedagogikken, ikkje lærde dei grunnleggjande kunnskapane som Clod Poulsen og andre pedagogar hadde vore nøydde til å pugge seg til på grunnskolen. Dermed blir elevane sitjande og diskutere med eit utgangspunkt som Clod Poulsen kallar eit «ekstremt skrøpeleg grunnlag av manglande fagkunnskapar og tilfeldig informasjon på internett».

«Konsekvensen er ofte at krava til prestasjonar blir lågare», seier Clod Poulsen.

Minnetap
Det var då han byrja lese bøker om minne at Clod Poulsen kom fram til at det hans eiga pedagogiske retning mangla, var ei grunnleggjande forståing av hugsen.

«Det er ironisk at ein kan gløyme hugsen», seier han. «Då eg byrja lese om det, gjekk det opp for meg at vi hadde feilvurdert kor viktig hugsen er i læringsprosessen. Vi hadde lagt hovudvekta på sjølvstendig, kritisk problematiserande tenking. Men den føreset eit fagleg grunnlag som skal sitje i hugsen.»

Han fortel at han både som forskar og seinare som konsulent har observert mykje undervisning gjennom fleire tiår.

«Eg har aldri sett ein lærar som planfast har arbeidd med det å hugse», seier han.

Problemet for hugsen i skolen er knytt til merksemd og mang­lande ro, meiner Clod Poulsen.

«Merksemdskonsentrasjon finst generelt ikkje i den danske skolen. Det skjer aldri at elevane sit og lyttar til læraren og er heilt konsentrerte om undervisninga.»

Støy
Han peikar på at skolane i Noreg og Danmark ligg på verdstoppen når det gjeld støy og uro i klasserommet. Pedagogen meiner at han sjølv og andre tonegjevande pedagogar også kan lastast for dette.

– Problemet i skolen i dag er å få ro til å undervise i den grunnleggjande fagkunnskapen.

Han meiner uroa kan forklarast med feilslått barneoppseding.

– Ei barnesentrert oppseding gir det enkelte barnet tru på eigen verdi og eigne rettar. Men ho gjer det samstundes vanskeleg for læraren å undervise om alle barna skal få bestemme sjølve.

Beklagar gjerne
«Eg vil beklage, men det er ikkje slik at vi på førehand visste kva vi gjorde. Då vi byrja å arbeide, trong skolen ei modernisering. Men det som er vanskeleg å unnskylde, er den manglande sjølvkritikken innanfor den pedagogiske forskinga. Tankane var i utgangspunktet svært kritiske, men ein har ikkje vore like kritisk til det ein sjølv har kome med. Dermed har det som var ein revolusjon, vorte ein konvensjon. Eg synest det er merkeleg å seie at det forskarmiljøet eg sjølv høyrde til, har vorte reaksjonært, men slik er det», seier Clod Poulsen.

Ned med klasseromma
Harald Høie, som er førstelektor ved lærarutdanninga ved Universitetet i Stavanger, synest det har mykje for seg å diskutere Sten Clod Poulsens oppgjer også i Noreg.

– Vi har jo hatt mykje av det same, men eg oppfattar at ein fekk teke tak i dei verste utslaga av det gjennom kunnskapsløftet, seier Harald Høie.

– Det var ei radikal endring, men mykje av dette lever sitt eige liv ute i skolen, same kva som er politikken.

Høie meiner bygginga av dei såkalla baseskolane er det fremste utslaget av dette. Dette er skolar der undervisninga ikkje går føre seg i lukka klasserom, men i basar, som anten er inne i eit stort fellesrom eller i små avlukke.

– Baseskolene er bygde ut frå denne pedagogikken. Dei går av si eiga kraft og er tilpassa ein pedagogikk som har vist seg å ikkje fungere. No har nokre skolar byrja setje opp vegger, eller dei har vore nøydde til å leige lokale utanfor skolen for å få plass nok. Klepp ungdomsskole på Jæren er eit døme på akkurat det, seier Høie.

Han strekar under at svaret på kritikken mot gruppearbeidet ikkje er å vende tilbake til autoritær tavleundervisning.

– Mykje av tavleundervisninga er ikkje god. Ho er keisam og har stort potensial for betring. Norsk skole treng å jobbe meir med korleis tavleundervisninga kan gjerast god, for det er denne forma for undervisning som gir best læringseffekt på testar, seier han.

LES SAKA I DAG OG TID!

Kva synst du om gruppearbeid i skulen? Bruk kommentarfeltet!