Skal drøfta framtida til Europa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Maria Folkedal er ei av fire jenter frå Voss gymnas som reiser til Athen våren 2011 for å representera Noreg i EYP, European Youth Parliament.

Europeisk Ungdomsparlament
I september i år reiste ei gruppe elevar saman med læraren Bodil Atterås, til Bergen for å delta på den nasjonale sesjonen i Europeisk Ungdomsparlament (EYP).

EYP er eit politisk uavhengig læringsprogram for vidaregåande skular i Europa. Det er 38 land som er med på dette. Ungdommane kjem saman for å diskutera politiske problemstillingar. Generalsekretær Thorbjørn Jagland er ein av EYP sine høge beskyttarar.

I komité for menneskerettar
Maria Folkedal og Synnøve Ravnestad Eikefet var i komitéen for menneskerettar. Der jobba dei med tema som menneskerettar og terrorisme. Dei fekk problemstillinga ”Korleis bevara menneskerettane samtidig som ein kjempar mot terrorisme?”

Då dei kom til Bergen, byrja dei med teambuilding, noko som gjekk ut på å bli kjent med dei andre komitémedlemmane. Tida i Bergen brukte dei blant anna på å diskutera problemstillinga dei hadde fått utlevert på førehand. Til slutt skulle dei leggja fram ei løysing på problemet.

Forsvarte løysingsframlegget
Dei andre delegatane og presidentskapen kunne angripa og ytra sine meiningar om problemet, medan komitéen sjølv skulle forsvara løysingsframlegget.. Det var og dommarar som gjekk rundt og vurderte samarbeidsevna og arbeidsinnsatsen til dei forskjellige delegatane.

Samla sett var Voss gymnas sine utsende gode nok til å komma vidare til Athen, noko som kom som ei positiv overrasking på dei.

LES OGSÅ: Ungdom mot EU?

Maria synest opphaldet i Bergen var slitsamt, men verdt strevet, sidan det var så lærerikt. I tillegg fekk dei brukt engelsk mykje, så tilslutt både snakka dei og tenkte på engelsk.

Fleire elevar frå Voss gymnas
Dei to andre delegatane frå Voss gymnas, Elisa Oppheim og Jorunn Synnøve Fauskanger Tepstad, arbeida i komitéen ”Miljø, Offentleg helse og Mattryggleik.” Dei fekk problemstillinga ”Korleis kan ein løysa utfordringar med skeiv fordeling av vassressursar i Europa?”

Athen
1.april reiser elevane og Bodil til Athen for å jobba med internasjonale problemstillingar. Dette skal dei gjera saman med om lag 260 andre delegatar frå heile verda.

Dei har ikkje fått problemstillingane endå, men reknar med at dei handlar om menneskerettar og den økonomiske situasjonen i Europa. Dei fira elevane er delte inn i fire ulike komitéar med fire ulike emne. Dei reknar med at det blir mykje jobbing og lite fritid, men ei lærerik og minnerik oppleving.

LES SAK I AVISA HORDALAND!

Kva meiner du burde bli diskutert i det europeiske ungdomsparlamentet?