Dataspel skal motivera elevane

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mark Thornberg-Pedersen, PhD-student ved Southern University, skal no undersøkja korleis ein kan bruka motivasjonen ein har til å løysa oppgåver i eit dataspel til å løysa skuleoppgåver innan til dømes matematikk.

– Ein gut på 12 som spelar World of Warcraft, lærer å jobbe tett saman i ei gruppe, og han finn ut at det kan få djupe konsekvensar viss ein ikkje fyllar rolla si godt nok. Det er prosjektorientert problembasert læring, seier Marker Thornberg-Pedersen til videnskab.dk.

Rollefordeling
I World of Warcraft handlar det om å kjempa mot vonde demonar, og slik kan ein sjølv bli ein mektig riddar. Thornberg-Pedersen samanliknar det med kva som skjer i eit føretak der folk er tildelt ulike rollar og ansvar. Viss du ikkje løyser oppgåva du har ansvar for, påverkar det andre. Det er ikkje langt unna anna gruppearbeid på skulen, eller i arbeidslivet.

Forskinga hans er ei forlenging av ein studie sett i gong av EU-parlamentet, som konkluderte med at dataspill gjer born meir kreative og betre til å samarbeida – dei spelar veldig mykje med kvarandre og blir difor ikkje asosiale nerdar av spela.

Italiensk rennessanse i Assassin’s Creed
På Stovner skole i Oslo har dei prøvd ein annan måte å læra histore på. I videoen under kan sjå korleis dei har brukt det populære spelet Assassin’s Creed 2 som ei kjelde for kunnskap av rennessansen i nokre av dei italienske bystatane:

Har du tru på at dataspel kan føra til meir effektiv læring på skulen?