– Dystert om lærartettleik

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dystert om lærar- tettleik

Det kjem fram av ei undersøking som er utført av NorgesBarometeret for UNIO.

– Eg må seie dette er dystre tal i tilhøve til målsettinga om færre elevar per lærar, seier UNIO-leiar Anders Folkestad til Aftenposten. Under opninga av Unio-konferansen i dag, tek han til orde for sterkare statleg styring.

Avviser dramatikk
Tala er ikkje dramatiske, meiner statssekretær Lisbet Rugtvedt (SV) i Kunnskapsdepartementet.

– Me får klare signal frå kommunane om at økonomien er trong, sjølv om kommunane har fått ein bra vekst dei siste åra. Sett i ljos av dette er ikkje tala veldig overraskande, meiner Rugtvedt.

LES OGSÅ: X-faktor for lærarar

Ho seier at departementet truleg vil leggje fram eit lovforslag om lærartettleik i løpet av 2011.

– Me ser ikkje for oss ein dramatisk vekst, for det har vi truleg ikkje nok lærarar til. Det viktigaste er å stabilisera lærertettleiken og unngå vidare kutt, men gjerne òg få til ein viss vekst, seier Rugtvedt til Aftenposten.