Vi har to offisielle norske språk her i landet, og det skal vere lov til å bruke begge.

For nøyaktig fem år sidan vart det samla inn heile 36 000 underskrifter for at riksavisene skulle oppheve forbodet dei har mot nynorsk på redaksjonell plass.  Fem år seinare er forbodet enno ikkje oppheva.

Difor har Norsk Målungdom denne veka sparka i gang ein kampanje for å sleppe nynorsken til i Dagbladet og VG, to aviser som skryt av at dei er riksdekkjande sjølv om dei ikkje dekkjer heile landet språkleg. Vi krev ikkje at så og så mange prosent skal vere på nynorsk, men at det skal vere mogleg for ein journalist å skrive på nynorsk om han eller ho vil det. For å sjå korleis det kunne ha sett ut om desse avisene hadde tillate nynorsk, kan du klikke deg inn på http://nynorskvg.no eller http://nynorskdb.no.  

Eg meiner at avisene ikkje har ei god grunn til å framleis halde på forbodet. Eit argument vi får høyre er at det vert alt for forvirrande å lese to forskjellige målformer om ein annan på same side. Vert du forvirra av å lese Stavanger Aftenblad, Bergens Tidende, nrk.no, Klassekampen eller Morgenbladet?  Trur ikkje det. Vi har to offisielle norske språk her i landet, og det skal vere lov til å bruke begge.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.28

Kommentarar

ANNONSE