Vann med grøn skipsfart

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me gler oss trondheimsturen, det blir kjempegøy med nye utfordringar og oppgåver, seier Marte Sønsterud, elev ved Hamar katedralskole etter å vunne gründercampen i Hedmark.

113 elevar frå Hamar katedralskole, Stange og Ringsaker vidaregåande skular fordelt på 25 grupper deltok i den lokale konkurransen.

Årets gründercamp handla i heilskapen sin om energi og miljø. Oppdraget tok utgangspunkt i EUs fornybardirektiv som er eit sentralt element i EUs energi- og klimapakke. Direktivet pålegg blant anna EU-landa å auke den gjennomsnittlege delen sin av fornybar energi frå 8,5 prosent til 20 prosent innan 2020. Noreg er i forhandlingar med EU, og det er difor enno ikkje avklart kva for konsekvensar direktivet vil få for Noreg.

Grøn skipsfart
Vinnargruppen har kalla kampanjen sin ”Green Shipping”. Dei vil presse skipsfarten til å gå bort frå tungolje som drivstoff og erstatte han med miljøvennlig biogass og biodiesel. Kampanjen vender seg spesielt til ungdom som skal påverkast til å berre kjøpe produkt som er frakta grønt, det vil seie med fraktfartøy som går på biogass og biodiesel.

Alle produkt som er frakta grønt skal påførast eit miljømerke som fortel kunden i butikken at det er eit «Green Shipping»-produkt.

Sosiale medium
Jentene vil satse på sosiale medium og ungdomsbloggar som kampanjekanalar.

– Me skal få bodskapen vårt til å spreie seg i heile bloggarmiljøet og gjennom det no ut til ungdomane og dei som kjøper produkta i butikkane. Me tenkjer oss òg at me allierer oss med handelsbedrifter som marknadsfører og sel «Green Shipping»-produkt spesielt, seier Malin Isaksen i vinnargruppa til hedmark.org.

Jentene frå medium og kommunikasjon skal forsvare Hedmarks ære i den nasjonale gründercampen i Trondheim i januar.