Milliardkontraktar utan lærlingkrav
No krev fagrørsla at staten står fram som eit godt eksempel.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Milliard- kontraktar utan lærling- krav
Statens vegvesen, Statsbygg, Statkraft og Statnett gjev kvart år milliardkontraktar til ei rekkje store og mindre selskap. Men det blir ikkje stilt krav til at bedriftene som får kontraktane har godkjente lærlingordningar. Det viser ei rundspørjing Framtida.no har gjort.
Fråfallet i den vidaregåande opplæringa er størst i yrkesfaga, og mangel på læreplassar er ei viktig årsak. Av dei vel 19.000 søkjarane til læreplass no i haust, hadde 12.203 søkjarar fått plass og 2601 oppretta kontakt med ei eller fleire bedrifter 1. oktober, ifølgje tal frå Utdanningsdirektoratet.
Krev handling
Det nyoppretta Samarbeidsrådet for yrkesopplæring er sett saman av representantar for arbeidstakarorganisasjonane, arbeidsgjevarorganisasjonane og det offentlege utdanningssystemet. Rådet krev både fleire lærlingplassar innan det offentlege og at det offentlege set lærlingkrav til dei som vinn anbod.
LES OGSÅ: Ikkje lét elevane falle!
– Offentlege institusjonar gjer altfor lite i dag, seier Rolf Jørn Karlsen, som er forbundssekretær i Fellesforbundet og leiar Samarbeidsrådet for yrkesopplæringa.
EØS-avtalen avgrensar
Kravet om fri flyt av arbeidskraft i samsvar med EØS-avtalen gjer at styresmaktene ikkje kan setja krav om at bedriftene som vinn anbod skal ha godkjenning som norsk lærebedrift.
– Men det kan vera mogleg å få inn ei formulering om at bedriftene skal vera ein læringsarena, seier Rolf Jørn Karlsen.
Krev opplæring
I anleggsarbeidet på den nye kraftlinja mellom Sima og Samnanger er det ikkje stilt krav til at entreprenøren har lærlingar. Men det er stilt krav til at dei til saman 24 lærlingane til Statnett kan få praksis med noko av utstyret som blir brukt.
– Me har krav til nokre av leverandørarane våre at lærlingane våre får ha noko praksis hjå dei. Dette er for å læra å bruka avansert utstyr, for eksempel for bruk på fjordstrekk. Ved utfall må folka våre ha fått opplæring i å bruka dette, fortel HR-direktør ved Statnett, Thor Johansen.