Er valfritt sidemål drepen for nynorsken?

Peder Sjo Slettebø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein bør heller gjera det motsette: Gjera sidemål valfritt, og styrke nynorsken i tradisjonelle nynorskområde.

Eg er fødd og oppvaksen i det som er eit av dei sterkaste nynorsk-områda i landet: Sunnhordland og Hardanger mellom Haugesund og Bergen. Akkurat her er kanskje ikkje valfritt sidemål ei veldig viktig sak, sidan dei aller fleste nynorskelevar har svært lett for å lære bokmål fordi me får det inn gjennom media og underhaldning kvar einaste dag. Likevel har stadig fleire frå dette området valt å kutte ut nynorsk til fordel for bokmål. Til dømes har fleire og fleire lokale bedrifter gått over til bokmål, og dersom du les rosabloggar (eg les ikkje rosabloggar så ofte altså, men det er heilt ok å lese dei. Men det skal eg komme attende til ein annan gong) skrive av jenter i tradisjonelle nynorskområde, vil du sjå at dei kun brukar bokmål. Også i nynorskkommunar vel fleire og fleire bort nynorsk på skulen. Dette er illevarslande for nynorsken, og fortel meg at det er fullstendig bortkasta å kjempe for obligatorisk sidemålsundervisning på Austlandet.

Eg trur det er grunn til å uroe seg, for nynorsken kan vera i ferd med å forsvinne. Ikkje fordi Oslo-folk eller andre bokmålsbrukarar ikkje likar nynorsk; men fordi nynorskfolket sjølv sluttar å bruke sitt eige skriftspråk.

Det er svært vanskeleg å vite kva som skal til for å snu denne trenden. Samstundes som dialektar er blitt in, er nynorsken meir og meir ut. Det er eigentleg ganske ulogisk, og eg trur det er viktig at nynorsken får fleire ambassadørar som gjer det lettare å vera nynorskbrukar. Are Kalvø er eit godt eksempel på det. Han gjer nynorsk til noko positivt fordi han skriv morosamt. Høgrepolitikar Arne Hjeltnes brukar også alltid nynorsk, og er ein god nynorsk-ambassadør som får andre nynorskbrukarar til å sjå at det også fungerer svært bra med nynorsk sjølv om det er bokmålsfolk tilstades. Riksdekkande media bør bli rausare, og bruke nynorsk i langt større grad. VG og Dagbladet brukar ikkje nynorsk i det heile – det kan dei godt begynne med. Reklamebyrå og filmbransjen bør bli flinkare til å bruke nynorsk, slik at folk opplever nynorsk i andre samanhengar enn i nynorsktimane på skulen. Som forresten stort sett består av å lesa Tarjei Vesaas si bok "Fuglane" og liknande skrekkeksempel.

Det fins mange, svært gode argument for valfritt sidemål. Eit av dei er at elevane blir flinkare i norsk dersom dei får konsentrere seg om hovudmålet sitt. Det er heilt avgjerande i ein skule kor 1 av 5 ikkje kan lese og skrive skikkeleg etter ti års skulegong. Men ikkje minst er det naudsynt å oppklare den misforståinga det er at obligatorisk sidemålsundervisning er avgjerande for nynorsken si framtid. Ved å halde fram med å kjempe for obligatorisk nynorskundervisning i bokmålsområde gjer me nynorsken ein stor bjørneteneste, og det gir oss ikkje ein einaste ny nynorskbrukar.

 

QUIZ: KVa veit du om Ivar Aasen?