Høgare utdanning heng etter

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NULL

Utdanning løner seg i kroner og øyre, både for individet og for samfunnet. Dette viser OECD-rapporten ”Education at a Glance 2010”.

– God studiefinansiering, gode høve for jobb og høgare løn gjer at det løner seg å ta utdanning i Noreg, sjølv om lønnsforskjellene her er mindre enn i dei fleste andre land, seier forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland i ei pressemelding.

Òg det offentlege tener på å investere i utdanning. Education at a Glance viser at dei offentlege utgiftene til skule- og studieplasser blir meir enn vega opp av auka skatteinntekter og reduserte trygdeytingar i framtida til dei som tek utdanning. I ljos av finanskrisen oppfordrar no OECD sjølv land med budsjettunderskot til å investere i utdanning, fordi dette vil gje god avkasting på sikt. Berre USA og Sveits bruker meir pengar på utdanning enn Noreg, men målt i høve til den økonomiske evna vår (BNP per innbyggjar) ligg vi lågt. Noreg bruker berre 5,5 prosent av BNP til utdanning, mot 7,6 i USA, 7,1 i Danmark og 6,2 prosent for snittet til OECD-landa.

Fagbrev
Lønnsstrukturen i Noreg tyder at lågt utdanna har relativt høg løn sammenlignet med andre land i OECD. Noreg ligg godt an når det gjeld talet på personar som oppnår kvalifikasjonar på vidaregåande nivå, anten det er fagbrev eller studiekompetanse. Dette skuldast at mange vaksne tek fagbrev gjennom praksiskandidatordninga.

Tallene i Education at a Glance 2010 kjem i hovudsak frå skuleåret 2007-2008.

Utdanningsnivå går ned
– Noreg er avhengig av at dei som er unge i dag tek i bruk evnene sine og fullfører utdanning ut over grunnskulen, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Utdanningsnivået i Noreg er høgare enn i gjennomsnittet av OECD-landa, men seks land har relativt sett fleire høgt utdanna vaksne enn Noreg. Veksten i delen høgt utdanna i Noreg er låg samanlikna med dei fleste andre land i undersøkinga. Frå 2003 til 2008 fall delen av eit årskull som byrja i høgare utdanning i Noreg frå 76 prosent til 71 prosent. Snittet for OECD-landa er 72 prosent. Talet på kandidatar som blir uteksaminert årleg frå høgare utdanning i Noreg tilsvarar 42 prosent av eit årskull, medan OECD-snitta er 48 prosent. Desse tallene fangar ikkje opp studentveksten i samband med finanskrisa i 2009. I fleire land, inkludert Noreg, er det ofte vekst i talet på studentar i år med dårlegare økonomisk vekst.

– Studentane i Noreg tek fleire studiepoeng no etter kvalitetsreforma, og desse tallene kjem ikkje til syne i Education at a Glance. Samstundes ser vi at mange land vi skal konkurrere med har minst like høgt utdanningsnivå som oss. Skal Noreg hengje med i den globale utviklinga, må vi satse på høgare utdanning, seier Tora Aasland.