Bokaktuelle Namra Saleem er redd konsekvensane av at mange unge og vaksne med innvandrarbakgrunn ikkje føler seg norske.

mm

– Eg synest det var rart då eg møtte ungdommar, som var fødd og oppvaksen i Oslo, som når du spurde kvar dei kom frå svara Pakistan med ein gong.

Bokaktuelle Namra Saleem (30) er oppvaksen på Sola i Rogaland, som dotter av to pakistanske foreldre. Ho kjenner seg både norsk og pakistansk.  

Denne kjensla har ho brukt i sin skjønnlitterære debut.

Stavanger – Oslo
I morgen vi ler
fortel historia om Samina, ei norsk-pakistansk kvinne som har blitt kutta ut av familien fordi ho har vorte gravid med ein norsk mann utanfor ekteskapet.

Namra ville utforska det spesielt store tabuet i islam knytt til kvinner og seksualitet.

– Eg trur nok det at nokon vert kutta ut av foreldra sine er realistisk, men eg trur og håpar at veldig mange finn tilbake til kvarandre igjen, seier Namra, som kallar historia sin eit worst case scenario.

Lesaren blir kjent med unge Samina i det ho flyttar frå Stavanger til Oslo. Det er berre ein av konsekvensane av at foreldra let seg påverke i stadig meir konservativ retning av den karismatiske Faruq. Ein ganske realistisk karakter, ifølgje forfattaren sjølv.

Dess eldre ho blir, dess meir vert Samina drege mellom sine norske omgjevnadar og den pakistanske kulturen – og ukulturen.

LES OGSÅ: Inger Bråtveit: – Å latterleggjera unge jenter er veldig lett og veldig vanleg

Bustadpolitikk
Forfattaren sjølv, som til dagleg jobbar som journalist i NRK Østlandssendingen, har dei siste åra budd på Grønland i Oslo.

– Ein ting eg har merka meg med Oslo er at veldig mange bur samla. Eg veit ikkje om det er fordi det kjem fleire til Oslo, men bustadpolitikken spelar jo òg ei rolle.

Namra samanliknar situasjonen med Stavanger, som då ho sjekka for ein god del år sida, berre hadde kring 500 norsk-pakistanarar. Dei budde over heile byen, noko som resulterte i at Namra nesten alltid har gått på skule med berre etnisk norske elevar.

På ungdomsskulen vart derimot alle elevane med fleirkulturell bakgrunn samla i ein klasse, i tilfelle dei trengte styrkt norskundervisning. Ei unødvendig avgjersle, ifølgje 30-åringen.

– Eg merkar at det har hatt mykje å seia, sånn integreringsmessig om ein blir ghettifisert. Kjensla av å føla seg norsk er ganske viktig. Det er på ein måte skummelt om vaksne menneskjer som er fødd og oppvaksne i Noreg, framleis ikkje føler seg norske. Då er det jo eitt problem, som kan føra til alt mogleg rart. 

LES OGSÅ: Slik kan du bidra til integrering

Dei unge jentene
I kjølvatnet av lanseringa har Namra i hovudsak fått positive reaksjonar. Ekstra gøy er det å få tilbakemelding frå unge norsk-pakistanske jenter, som kjenner seg att.

– Det som er litt digg med dei er at eg aldri er redd for at dei skal mistolka noko. Dei skjønar med ein gong kva eg meiner. Frykta for konsekvensar og sladrekultur er reelle problemstillingar som folk opplever i ulik grad.

For forfattaren har det vore viktig å skilja mellom religion og kultur. Det er æres- og skamkulturen ho vil ta eit oppgjer med.

– Av og til føler eg at individualiteten og kor ulike me er frå kvarandre er det storsamfunnet ikkje får med seg. Når eg har snakka om dette, så vert eg veldig fort ein representant for alle dei med min bakgrunn. Dette gjeld ikkje alle, men så lenge ein person opplever det, så er det eit problem. Og alle veit at det er meir enn ein person.

LES OGSÅ: Den vanskelege jentetissen

Kvinner og seksualitet
Namra forklarar at mykje av problema dreier seg om tilsynelatande småting. Som til dømes; korleis ein kler seg, om ein ikkje har dekt seg godt nok til, korleis det blir oppfatta om ein seier noko i media,  kva som skjer om ein taxisjåfør ser ein ute på natta, eller om nokon ser ei jente klemma ein av kompisane sine.

 – Det er på ein måte småting, men grunnen til at eg ser det som eit problem, er fordi det handlar om ein avgrensa fridom. Folk skal kunne ha lov å leva det livet dei har lyst å leva og gjera dumme ting, utan nokon skal overvaka det og «bisle» vidare til foreldra.

Det ho meiner er eit større problem er kvinner og seksualitet, homofili og det å finna ein partner som verken er muslim eller har same kulturelle bakgrunn. Men desse heng gjerne saman.

Ei studie frå i fjor viser at 85 prosent av barn av innvandrarar født mellom 1972 og 1989 gifta seg med personar som òg hadde to innvandrarforeldre. Ifølgje Aftenpostener trenden no at det er færre henteekteskap.

Dette tykkjer Namra er ei positiv utvikling.

– Eg trur det handlar om at det er lettare, fordi då slepp ein den kampen. Den kampen er problemet, som ein må gjera noko med. Men så trur eg det er mange som ville valt ein norsk-pakistanar, fordi ein har mykje felles bakgrunn, opplevingar og språk.

LES OGSÅ: Løgna som redda Rachana frå å bli barnebrud

Skamlause jenter
Det er viktig for Namra å understreka at ikkje alle muslimske kvinner er undertrykte, slik nokon kan synast å tru.

Ho trur gode førebilete som dei skamlause jentene, som Nancy Herz døypte dei, og Skam-karakteren Sana kan vera viktige.

– Det vil alltid vere dei som har valt annleis. I jobben min har eg til dømes laga kjærleiksprogram og det er alltid vanskeleg å få i snakk dei som har valt annleis. Det er litt den haldninga at det går greitt at dei gjer det, så lenge dei ikkje snakkar høgt om det. Det er tabu å velja annleis – vertfall om du er jente, avsluttar Namra.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

Kommentarar

ANNONSE