Friluftsliv er miljøversting: – Naturen har nærmast blitt eit moteshow

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Naturen har nærmast blitt eit moteshow, og stiane ein catwalk, seier seniorforskar Per Ingvar Haukeland ved institutt for friluftsliv ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN) til NRK.

Berekraftsparadokset

Ifølgje Vestlandsforsking er friluftsliv no det tredje verste du kan gjere på fritida med tanke på miljøet. På topp ligg feriereiser og flyreiser for å besøke vener og familie.

Nordmenn kjøper sportsutstyr for 15 milliardar kroner i året.

– Dette, saman med all reisinga til Alpane for å stå på ski, surfeområde eller besøk til dei siste isbreane bidrar faktisk til vidare global oppvarming og at isbreane smeltar. Det er eit paradoks. Berekraftsparadokset, kallar vi det, seier Haukeland.

Seniorforskaren meiner løysinga er fleire kortreiste naturopplevingar og oppmodar folk til å reparera utstyret ein allereie har.

Kommunikasjonssjef i DNT, Mette Øines Habberstad, meiner unge er flinkare til å kjøpa brukt. Foto: Sindre Thoresen Lønnes/DNT

Unge lovande vs verstingane på 40+

Kommunikasjonssjef i DNT, Mette Øines Habberstad, meiner at særleg ungdom er vorte flinkare til å kjøpa brukt.

– Eg opplever ei anna haldning. Det er kulare å komme med noko brukt på tur no, enn for berre nokre få år sidan. Det er nok dei over førti som er verstingane når det kjem til å kjøpe alt nytt.

Les om korleis Houdini og Bergans jobbar med sirkulærøkonomi: – Fleire og fleire innser at dei ikkje treng å eige

Seljarane Eivind Koren og Johanne Sverresdatter Seeberg trur det vil verte vanlegare å leige utstyr i framtida og ser ei auke på vinterstid.