«Er vi ikkje ferdige med rasisme i dagens Noreg?»
«Det held ikkje å berre avstå frå å vere rasist, vi treng aktive antirasistar som står opp for medmenneska sine,» skriv Maja Ringeling og Bilal Benmalek
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Teksta er omsett til nynorsk av redaksjonen.
I dag, 21. mars, vert FNs internasjonale dag mot rasisme markert.
Merkedagen vart innført i 1966, til minne om Sharpeville-massakren i Sør-Afrika i 1960, der fleire titals menneske vart drepne under ein fredeleg protest mot passlovane til apartheidregimet.
Så klart trong vi ein slik merkedag på 60-talet, tenker du kanskje, men er vi ikkje ferdige med rasisme i dagens Noreg? Det er på høg tid at vi vert det, men vi har diverre endå ein lang veg å gå.
Altfor mange eksempel
Kva er rasisme, då? Vi har diverre altfor mange eksempel, også frå nyare tid.
Drapet på Tamima skaka landet i august i fjor. Tamima vart drepen då ho gav omsorg på jobb, og anten siktinga vert kategorisert som terror eller drap, så har gjerningsmannen sjølv sagt at drapet var politisk motivert.
Drapet er på ingen måte det einaste rasistisk motiverte drapet Noreg har vore vitne til sidan 60-talet. 15 år gamle Benjamin Hermansen vart drepen av nynazistar i 2001, og Johanne Zhangjia Ihle-Hansen vart drepen av den no terrordømde stebroren i 2019.
Vi må heller aldri gløyme at terrorhandlingane 22. juli sprang ut ifrå sterkt rasistisk tankegods. Tamima, Johanne, Herman, men også Arve, Ali og Nawas, og dei 77 offera frå 22. juli. Å seie at vi ikkje har rasisme i Noreg, er ei farleg løgn.
Rasisme kan vere vanskeleg å spotte
Rasisme handlar ikkje berre om vald med fatale konsekvensar. Seinast 22. februar ytra Espen Teigen, Document-journalist og tidlegare rådgivar av Sylvi Listhaug, på X at «hvis valget står mellom å beholde hunder eller muslimer i Norge, er ikke det et vanskelig valg».
Mange reagerte på den svært synleg rasistiske og islamofobiske bodskapen.
Ofte kan derimot rasismen vere vanskelegare å spotte. Han finst også i dei små handlingane, i kommentarane som fell utan ettertanke, i antakingar om menneske basert på hudfarge, namn eller bakgrunn. Ord og handlingar kan verke ubetydelege for den dei kjem frå, men kan vere svært belastande for den som vert råka.
Ein god antirasist
Du som les dette innlegget er vel neppe rasist (forhåpentlegvis), men fellesskapet treng fleire av oss.
Vi i Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom meiner at det ikkje held å berre avstå frå å vere rasist, vi treng aktive antirasistar som står opp for medmenneska sine, anten det er ein god ven, ein klassekamerat eller ein framand på bussen.
Det er mange måtar å vere ein god antirasist på. Det handlar om noko så enkelt som å vise i handling at alle menneske fortener respekt. Det handlar om å seie ifrå når du er vitne til rasisme, og om å vere medviten om eigne fordommar og privilegium. Det handlar om å ta avstand frå hatefulle ytringar i media, om å tore å ta samtalen og hjelpe kvarandre til å vere inkluderande.
Vi alle, og særleg dei av oss som ikkje er sårbare for å bli utsette for rasisme, har eit særskilt ansvar for å seie ifrå – sjølv om det vert «dårleg stemning». Kanskje kompisen din ikkje var medviten om korleis den vitsen kan såre, eller tanta di gløymde korleis ho snakkar om andre menneske.
Då må du minne dei på det.
Liten innsats – stor effekt
Å vere antirasist handlar ikkje om å vere perfekt. Det krev i utgangspunktet lite av oss, men når vi står saman opp mot rasisme, har det stor effekt.
Akkurat du er viktig i utforminga av eit inkluderande fellesskap for oss alle – hugs det. Og det fellesskapet oppnår vi berre om vi alle tar vår del av ansvaret.
God kampdag og ver antirasist kvar dag. Vi treng alle med på laget.






