Politikk og samfunn

«Det var først i 10. klasse at ein lærar byrja å sjå på om eg kanskje kunne ha dysleksi.»

– Ein snakkar om at skulen skal vere tilpassa eleven. Det er han ikkje, skriv Eriell Teresia Harila-Jensenius.

Eriell Teresia Harila-Jensenius (17)
Leiar i elevorganisasjonen i Finnmark og Finnmark ungdomsråd
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Teksta er omsett frå bokmål av redaksjonen.

På barneskulen var eg veldig glad i både lesing og skriving. Eg likte å lage tekstar, vere kreativ og bruke språket.

Likevel fekk eg stadig tilbakemeldingar på rettskriving, at eg hoppa over ord og gjorde andre feil – både på barneskulen og ungdomsskulen.

Eg hugsar spesielt diktata. Eg hata dei.

Ikkje fordi eg var lat eller ikkje prøvde. Eg kunne sitje heime og øve på dei same orda om og om igjen. Likevel, når eg var på skulen, var eg usikker på om det skulle vere ein eller to konsonantar. Eg hadde øvd, men fekk det framleis ikkje til.

Ein ting eg slit med, er om læraren ber oss lese ein lang tekst og så kunne svare på spørsmål rett etterpå. Det funkar ikkje i hovudet mitt då, alt har vorte borte av det eg akkurat las. Ting har ikkje festa seg. Dette gjeld fleire enn berre meg.

Derfor synest eg at dagens A4-skule er for dårleg. Ein snakkar om at skulen skal vere tilpassa eleven. Det er han ikkje.

Halvparten må vente

Det var først i 10. klasse at ein lærar byrja å sjå på om eg kanskje kunne ha dysleksi.

Lese- og skrivevanskar handlar ikkje om at ein ikkje prøver hardt nok. Dysleksi er medfødd. Nokre elevar treng andre strategiar, hjelpemiddel og meir oppfølging for å få vist kva dei faktisk kan.

Eg var flink i fleire andre fag. Det var grunngivinga eg fekk for at ingen hadde lagt merke til det tidlegare. Dei meinte at fordi eg var flink på skulen, hadde ingen tenkt over vanskane. For korleis kan ein elev som gjer det bra på skulen, samtidig ha store utfordringar med lesing og skriving?

Dysleksi Norge sin rapport om utgreiingspraksis viser at 49 prosent av dei som får påvist dysleksi, får det påvist i ungdomsskulealder eller seinare.

Rapporten viser også tydelege kjønnsforskjellar i kven som blir fanga opp. Dysleksi Norge viser at jenter med spesifikke lærevanskar i mindre grad blir oppdaga.

Vi lever i 2026. Då må vi også tore å utfordre gamle førestillingar om kven som er «flinke elevar» og kven som treng hjelp. Gode karakterar betyr ikkje nødvendigvis at alt fungerer. Vi er nøydde til å slutte å sjå elevane gjennom resultata!

Hjelp må komme tidleg

Det er viktig å oppdage lese- og skrivevanskar, men ei utgreiing er berre starten. Elevar treng lærarar med kompetanse, gode hjelpemiddel, tilrettelegging og oppfølging over tid.

Hjelp skal ikkje bety lågare forventningar. Det skal bety betre moglegheiter til å nå dei.

Dette handlar også om alle elevars leseferdigheiter. Pisa-resultata viser at norske elevars utvikling i lesing er urovekkjande. Derfor må vi ta leseopplæringa på alvor.

Men løysinga kan ikkje berre vere å seie at elevar må lese meir.

Vi må spørje:

Oppdagar vi vanskane tidleg nok? Får eleven rett hjelp? Har læraren kompetansen som trengst?

Lesing og skriving er grunnleggjande ferdigheiter vi treng gjennom heile livet. Vi treng det for å ta utdanning, søkje jobb, forstå informasjon og delta i samfunnet.

Politikarane må ta ansvar

Som leiar i Elevorganisasjonen i Finnmark meiner eg at dette ikkje berre kan vere opp til den enkelte læraren.

Politikarane må sørgje for at skulane har ressursane og kompetansen som trengst.

Vi treng tidlegare oppdaging av lese- og skrivevanskar, betre kompetanse hos lærarar, god oppfølging etter utgreiing og tilgang til hjelpemiddel og tilrettelegging.