«No står denne ungdomsklubben i fare for å bli lagt ned»
Dersom bydelsadministrasjonen lukkast med å avvikle Fyrhuset, vil heile 98 barn og ungdomar miste det lokale musikktilbodet sitt, skriv Ida Krok Nielsen frå bydel Grorud.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Fyrhuset musikkverkstad har vore ein kjempeviktig møteplass for musikkinteresserte barn og unge i Groruddalen heilt sidan 1997, men no står denne ungdomsklubben i fare for å bli lagt ned på grunn av det nye budsjettforslaget for bydel Grorud.
I dette budsjettforslaget blir det føreslått at heile musikkverkstaden skal avviklast, og det tilsynelatande utan noka skikkeleg vurdering av saka.
Dette vil dei gjere ved å fjerne leiarstillinga, altså den einaste 100-prosentstillinga på heile klubben, men dette står ikkje i budsjettforslaget … Sleipt.
Forsøkt lagt ned fleire gongar
Dette er ikkje den første gongen bydelsadministrasjonen har prøvd å leggje ned Fyrhuset. I løpet av mi tid på musikkverkstaden har dette skjedd heile tre gonger: éin i 2018, éin i 2022 og éin gong no.
Kvar gong har vi ungdommane demonstrert imot, og det gjer vi sjølvsagt også denne gongen – men vi treng så mykje støtte i media som overhovud mogleg. Dersom bydelsadministrasjonen lukkast med å avvikle Fyrhuset, vil heile 98 barn og ungdomar miste det lokale musikktilbodet sitt.
Dette er den einaste møteplassen og det einaste fritidstilbodet for musikkinteresserte barn og unge som ikkje vil spele korpsmusikk, og det er også det einaste musikktilbodet som er heilt gratis.
Med andre ord vil dette påverke veldig mange veldig negativt dersom forslaget blir vedteke på bydelsutvalsmøtet den 18. desember.
Fann tilhøyre og vaksne som såg meg
Sjølv byrja eg på Fyrhuset då eg var 10-11 år gammal. Eg kom frå ein veldig utrygg skulekvardag prega av mykje mobbing og angst, og fann endeleg ein stad der eg opplevde tilhøyring, fekk dyrke interessene mine, fekk meg vener og hadde trygge, vaksne instruktørar som såg meg.
Frå eg var 16 til eg blei 18, jobba eg som instruktør på Fyrhuset sjølv, og sidan den gong har eg blitt ein vaksen musikar (gitarist) og teknikar med ein karriere innan musikk- og kulturbransjen. Fyrhuset har vore eit enormt viktig springbrett for meg.
Dette er ikkje noko som berre eg har opplevd, men veldig mange andre også – til dømes Fight the fight (tidlegare Oslo Faenskap), Golden Core og Oddrun Lilja, for å nemne nokre.
Vi reagerer sterkt på at bydelsadministrasjonen vel å kutte i ungdomstilboda, då vi også er veldig klare over at staden vi bur på blir sett på som belasta og skummel av utanforståande.
Om det er nokon som veit kor viktig førebyggjande og gode fritidstilbod er, så er det oss i bydel Grorud.
Vi har sett ei så stor og bra utvikling blant ungdomane her når dei har fått klubbar å henge på, når dei har fått dyrke interessene sine i trygge omgjevnader med trygge vaksne og når dei har fått jobb gjennom desse fritidstilboda. Barn og unge er framtida vår, og vi kan ikkje prioritere vekk framtida. Konsekvensane av å gjere det er veldig, veldig skumle.
Ikkje la Fyrhuset sløkkje.






