Klima og miljø

«Velkommen inn i kommunestyret, klimakrisa treng deg!»

«Sjølv om dei nasjonale politikarane, uansett blå eller raud regjering, sviktar oss i møte med klimakrisa, er det ingenting i vegen for at Kommune-Noreg gjer meir,» skriv Changemaker-leiar Marte Hansen Haugan.

Marte Hansen Haugan (23)
Leiar i Changemaker
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Tidlegare i haust fekk over 9 000 nordmenn den gledelege beskjeden om at dei er valde inn i eit kommunestyre. Eg vil gratulere alle nye kommunestyrerepresentantar med plassen sin. Dei er viktige for demokratiet vårt. Men dei har òg ein heilt avgjerande stemme i møte med vår tids største utfordring: å stoppe dei verste konsekvensane av klimakrisa.

Globale problem treng òg lokale løysingar. Som kommunestyrerepresentant har du ei nøkkelrolle i møte med dette viktige og skjebnesvangre oppdraget. Å stoppe klima- og miljøkrisa utan konkret handling i norske kommunar er heilt umogleg.

Du kan redde verda!

Lista over tiltak eit kommunestyre kan sette i verk er svært lang. Når ei kommune ikkje handlar i møte med klimakrisa, handlar det altså ikkje om manglande moglegheiter, men tvert imot mangel på kriseforståing og handlingsvilje i møte med klimakrisa.

Som ein kommunestyrerepresentant kan du bruke din plass og stemme til å fremme konkrete politiske tiltak. Til dømes kan du føreslå å omstille den kommunale bilparken til å vere fossilfri eller sørgje for at din kommune fører ein rekneskap over klimagassutslepp.

Akkurat dine forslag kan vere med på å redde verda!

Internasjonal solidaritet

Det er ikkje vi her i norske kommunar som blir hardast ramma av konsekvensane av klimakrisa, sjølv om det er vi her i Noreg som har bidratt i enormt stor grad til forureining og utslepp av klimagassar. Det er dei aller fattigaste menneska i verda som blir hardast ramma av konsekvensane av klimakrisa. Lokal klimahandling handlar om internasjonal solidaritet.

FNs nye naturavtale, som det blei einigheit om for litt over eit halvt år sidan, slår fast at verda skal verne 30 prosent av all natur innan 2030. Arbeidet for naturvern og kamp mot nedbygging av urørt natur må kjempast i fylkes- og kommunestyre over heile landet.

Vi kan meir

Sjølv om dei nasjonale politikarane, uansett blå eller raud regjering, sviktar oss i møte med klimakrisa, er det ingenting i vegen for at Kommune-Noreg gjer meir. Å halde fjordane reine, verne naturen, kutte klimagassutslepp og prioritere dette arbeidet i budsjett er heilt avgjerande dersom vi som nasjon skal lukkast i å ta vår del av klimaansvaret.

Derfor vil eg seie til deg som no er vald inn i eit kommunestyre: Gratulerer så mykje, mi generasjon og alle komande generasjonar treng at DU handlar i møte med klimakrisa.

Di stemme betyr masse, du kan vere med å redde verda!