Politikk og samfunn

«Sorry, kokain er ikkje Fairtrade»

I Colombia møter ungdom dei dødelege konsekvensane av narkotikahandelen – ein industri som direkte eller indirekte er finansiert av kokainbruken som er på veg oppover i Noreg, skriv OD-leiar Tobias Dahle.

Tobias Dahle (20)
Leiar for Operasjon Dagsverk
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I Noreg er det fleire og fleire unge som brukar kokain. Andelen ungdom på vidaregåande skular i Oslo som seier de har brukt kokain, er nesten tredobla sidan 2018.

I Colombia møter ungdom dei dødelege konsekvensane av narkotikahandelen – ein industri som direkte eller indirekte er finansiert av kokainbruken som er på veg oppover i Noreg.

Medan ungdommar i Noreg sniffar kokain på fest, kjempar våre jamaldrane i Colombia med livet som innsats.

Kidnapping og vald

I løpet av det siste året har eg som leiar for Operasjon Dagsverk besøkt Colombia og blitt kjent med ungdommar som kjempar for fred kvar einaste dag.

I Colombia, eit land kor orda «ungdom» og «fridom» stadig vik for «krig» og «overleving», opplever ungdommar ein vanskeleg kvardag som står i sterk kontrast til den ideelle ungdomstida. Eg fekk oppleva det sterke fellesskapet deira, og kor viktig eit godt samhald er i møte med utfordringane som følge av konflikten.

OD-kampanjen i 2023 skal i samarbeid med SAIH nettopp styrke fellesskap, kultur og kollektiv identitet blant ungdom, for å skapa alternativ til rekruttering til væpna grupper. Det er eit sårt behov for slike prosjekt i Colombia.

For berre nokre dagar sidan, i Cauca-regionen i Colombia, blei nok ein mindreårig urfolksgut bortført av væpna menn. Lokalsamfunnet reagerte umiddelbart og rykka ut for å forsøka å frigjera guten. Dei greidde å frigjera guten, men blei møtt med kuler og skot. Ein kvinneleg urfolksleiar blei skote og drepen.

Rekrutterer 13-14-åringar

Natt til tysdag drog ein jente på 14 år heimanfrå, og la frå seg ein lapp kor det stod at ho hadde drege med den væpna aktøren i området ho kjem frå. Om lag samstundes blei òg venninna hennar på 13 år borte, ifølgje organisasjonen Tejido de Comunicación ACIN. Ein reknar med at dei drog saman.

Dette føyer seg inn i rekkja av tallause ungdommar som i staden for å halde fram på skulen blir rekruttert til ei væpna gruppe som lever av utpressing, narkotikahandel og væpna aksjonar.

Eg besøkte skulen til dei to jentene i Cerro Tijeras for ein månad sidan, og det er forferdeleg tragisk å høyra at dei no har blitt rekruttert til den væpna gruppa som kontrollerer narkotikahandelen i området. 

Desse eksempla er berre to av mange som ungdom møter i område i Colombia kor det blir dyrka koka som blir selt vidare til produksjon av kokain, og kor ulike væpna grupper slåst om dominans.

Ungdom i krysselden

I krysselden hamnar ungdom, på veg til skulen, eller i mangel på meiningsfulle sosiale fellesskap.

Når me i Noreg nyt fridomen til å sniffa kokain på fest, betalar ungdom i Colombia prisen med sine liv.

Sorry, kokain er ikkje Fairtrade. Er nytinga verd prisen?