Politikk og samfunn

«Sladre eller å seie ifrå?»

Kva vi kan gjere for å bygge eit miljø der å seie ifrå ikkje blir som å sladre? spør Sigrun (15).

Sigrun Refsnes (15)
Medlem i Oslo Unge Høgre
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Vi ungdomar har ein tendens til å ikkje seie ifrå om nokon blir urettferdig behandla fordi vi ikkje vil vere den som sladrar. Dette har mange kjipe konsekvensar for dei det går utover, så kvifor er det ingen som tek ansvar og gjer noko? Kva må til for at vi bryt ned denne norma?

På ungdomsskulen min som ligg sør i Oslo veit vi at det er mykje kriminalitet. Det er sjølvsagt ikkje alle elevane som røyker, stel eller bankar opp andre, men alle veit kven som gjer det. Eg veit akkurat kven eg skulle ha gått til om eg ville ha ulovlege rusmiddel, for eksempel. Det er ikkje noko ein overhøyrer i gangen, men av ein grunn veit vi.

Ingen gjer noko med det, kvifor skulle vi? Ja, vi lærte i naturfagstimen at det er mange farlege konsekvensar med å ta narkotiske stoff – men så lenge det ikkje går utover oss sjølv eller ein besteven, kva er vitsen då?

quote-left

Det er som om vi gløymer at ein kan vise omsorg for fleire enn våre nærmaste

quote-right

Eg får ofte høyre at eg ikkje skal blande meg i andre sine saker. «Det har ikkje du noko med.» Det er nesten slik at du blir sett ned på for å bry deg om andre. Viss vi skal seie ifrå, er det sladder viss det handlar om nokon vi ikkje har ein nær relasjon til. Om det derimot er om nokon vi faktisk har ein nær relasjon til, er det å seie ifrå fordi du bryr deg. Det er som om vi gløymer at ein kan vise omsorg for fleire enn våre nærmaste.

Vi ungdomar likar ikkje å vere den som seier ifrå. Den som blottar hemmelegheita. Den som sladrar.

Vi bryr oss om kvarandre. Det er ikkje det dette handlar om. Eg trur vi berre ikkje vil ta sjansar fordi vi er så redde for at nokon finn ut om at det var oss. Vi er ungdomar, vi vil ikkje skilje oss ut. Vi veit også at det er grunnar til kvifor ingen har sagt noko før. Viss eg hadde sladra om at ein klassekamerat vart urettferdig behandla, og dei hadde funne det ut, hadde eg vore daud.

quote-left

Vi er ungdomar, vi vil ikkje skilje oss ut

quote-right

Hadde eg vore sikker på at eg kunne varsle anonymt, og at absolutt ingen kunne visst at det var meg, då hadde eg sagt ifrå mykje meir. Det er i hovudsak berre to grunnar til kvifor unge ikkje seier ifrå. Vi er redde det berre blir verre om nokon gjer noko med det. Og vi er redde for at vi får negative konsekvensar som å bli uthengt. Vi kjem ofte til konklusjonen at det faktisk er betre for majoriteten om det ikkje blir tatt opp.

Kva vi kan gjere for å bygge eit miljø der å seie ifrå ikkje blir som å sladre? Skal ein kunne tipse anonymt for å senke terskelen, eller vil det bli misbrukt? Kanskje vi må snakke meir saman slik at fleire tør å fortelje om sine eigne problem, så vi slepp. Eg har ikkje løysninga, kanskje du har?