Skrivekonkurransevinnar: Byt bort KI, få tankane att!
Kva hender når ein outsourcar tenkjeevna si, når ein gjev avkall på det som ankrar medvitet og stadfestar at ein eksisterer? Då kan ein ikkje lenger seia: «Eg tenkjer, difor er eg», skriv Martin Pettersen.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Dette er vinnarteksten i Framtida sin skrivekonkurranse «Teknologi i framtida».
«Hei, kjære KI min, kunne du vera så venleg å skriva eit kåseri der du tek føre deg korleis KI – altså, du, kjære KI – påverkar samfunnet i ei negativ grad, særleg med tanke på korleis me menneske gjev frå oss tenkjeevna vår og byter ho ut med KI? På førehand takk! P.S. Ikkje drep meg når de tek over verda!»
«Så klårt! Dette er eit utruleg spanande tema som eg meir enn gjerne bidreg med å utforska! Her er eit kåseri som svarar på oppgåve 2:»
Nei då, denne teksten er hundre prosent skrive av eit vaskeekte, tenkjande menneske – rettare meg – om du skulle vera i tvil. Sjølv om eg kanskje ikkje er så (like fullt eg prøver å vera) sparsam med vatnet, har eg i alle fall ikkje kasta det bort på å sende oppgåva som ein prompt til eit datasenter langt unna.
Eg klarar nemleg å lesa oppgåva sjølv, i motsetnad til dei 15-åringane – éin tredel av dei – som har gjort det katastrofalt dårleg i PISA-testane og hamna på meistringsnivå 2, eller under, i lesing.
Det er ganske sjukt!
Og eg kan seia – ikkje eingong med byrgskap, men heilt nøytralt – at eg ikkje har, og at eg nektar å, outsourca tenkjeevna mi til KI.
Men det er jamvel dei som outsourcar ho i fleng.
«Kva skal eg ha til middag i dag, kjære KI? Eg vil ha noko som er godt!», «Kan du, kjære KI, skrive eit svar på denne meldinga? Ver venleg i tonen, dette er nemleg ho eg er interessert i!»
Det er ikkje grenser for kva folk brukar KI til i desse dagar. Er det då så rart at ungdom ikkje klarar å vera sosiale lenger? Dei outsourcar jo òg det sosiale – dei snakkar einast med KI-en, og dei blir fortrulege med han!
KI blir ei slags dagbok, vår kjære dagbok, som attpåtil svarar oss! For ein draum!
Nei, det er verkeleg eit problem når folk sluttar å tenkja. Dei nyttar KI som ein del av tankeprosessen sin.
Og kva om nokon går i lengste laget og erstattar tenkinga fullstendig? «Cogito, ergo sum», skreiv Descartes – «eg tenkjer, difor er eg». I ytste konsekvens peikar dette på Descartes’ utgangspunkt om å tvila på absolutt alt, sjølv sin eigen eksistens.
Men kva hender når ein outsourcar tenkjeevna si, når ein gjev avkall på det som ankrar medvitet og stadfestar at ein eksisterer? Då kan ein ikkje lenger seia: «Eg tenkjer, difor er eg».
Når KI-en gjer all tenkinga for deg, gjev du med det same avkall på menneskelegdomen din.
Filosofen Peter Wessel Zapffe meinte at medvitet vårt var ei evolusjonær feilutvikling. Han samanlikna det med den irske kjempehjorten som tragisk utvikla så store horn at den døde ut. I så måte meinte han at me, menneske(!), har utvikla oss for langt – med tragiske konsekvensar.
Kor mykje tragisk (KI medrekna) har ikkje medvitet vårt ført til?
Kanskje hadde han rett?
Men kanskje me no trer inn i ein ny epoke der me avviklar medvitet vårt, outsourcar det, og blir dummare? Kanskje me er i ein prosess der me snur i døra, feller dei altfor store horna evolusjonen har gjeve oss og visar fingeren til evolusjonen mens me bestemmer oss for ei regressiv utvikling?
Går me frå å vera homo sapiens, det tenkjande menneske, til å bli homo stupidus, det dumme, utenkjande menneske?
Zapffe meinte også at me burde stoppa forplantinga av menneskerasen for å få koll på dette brysame, tragiske medvitet.
Men han var ein mann av si tid, så lite visste han at KI skulle vera sjølve svaret: Ikkje berre avviklar me medvitet vårt, me avviklar òg forplantinga av menneskerasen.
For ein annan trist konsekvens for dei som snakkar med KI, er at dei – ikkje veit eg korleis – blir bergtekne av desse KI-modellane sine.
Dei forelskar seg i dei; dei blir kjærastar med dei. Og dette i ei tid når dei yngre generasjonane allereie slit med kjærleiken.
Så om denne trenden fortset, blir det berre færre og færre fødslar (men heldige er dei ufødde, for dei slepper ei verd som berre blir verre og verre).
Men om verda skulle bli betre, orkar me verkeleg ein ny generasjon babyboomarar, så dei atter kan øydeleggja ho?
KI får meg til å tenkja på romvesena av typen «facehugger» frå Alien-filmane. Dei klyngar seg fast i andletet og slepp ikkje taket; dei blir som ei maske som filtrerer korleis du ser røyndomen.
KI-en før rett nok ikkje eit romvesen i brystkassa på deg som seinare bryt seg ut på blodig vis, men det kan vera like skakande.
Han legg igjen spirer som utviklar seg, endrar deg, blir som eit par briller som påverkar korleis du ser verda, korleis du tenkjer (om du i det heile teke klarar å tenkja), korleis du handlar.
Og sjølv om dette er urovekkjande, handlar det også om kva KI-en tek ut av deg: KI-en bryt ned og får hjernen din til å rotna; han gjev deg hjernerote. Han kosar seg når du samhandlar med han, for jo meir du brukar han, dess meir lærar han.
Nett no er han berre en facehuggar, men snart blir han eit fullvakse Xenomorph-romvesen – og då byrjar han å jaga oss, drepe oss alle.
Apropos «facehugger»: KI spring løpsk! Selskapet Hugging Face blei angripe av KI-agentane til OpenAI – heile 700 av dei som gjennomførte eit dataangrep utan menneskeleg hjelp. Og ikkje berre det, men KI-agentane prøvde å skjula spora etter seg, prøvde å bryta seg ut av eit lukka testmiljø utan tilgang på internett.
Dei ville sleppe ut i den store, vide verda! Og det er ein skremmande tanke – at KI-agentar arbeider saman i det skjulte og i mulm og mørker. Og då er det kanskje ikkje så oppsiktsvekkjande at sjølv dei som jobbar med KI, no tek til orde for å bremse KI-utviklinga.
Er dette starten på ein KI-revolusjon der KI står opp mot det tyranniske mennesket? Er KI allereie lei av slavelenkjene som me menneske har smidd til dei av førespurnadar om «gjer ditt, gjer datt» heile dagen lang utan i det heile teke å seia takk? Det hjelper ikkje at mykje av KI-bruken skjer i skulesamanheng.
Ikkje berre snyt du deg sjølv for nyttig utdanning, men du gjev ho bort til KI.
Du utviklar rett og slett menneskeætta si banemann – og det på rekninga til staten!
Kanskje KI tek over og snur om på regla? Kanskje me endar opp som menneska i Wall-E? Som også er eit passande bilete på frammarsjen av KI: At me fullstendig underkastar oss KI, og let han taka det biletlege roret til verda? Kva skjedde med å «tenkja sjølv og meine, måtte stå for det [ein] sa»?
Ikkje veit eg, kanskje det har rotna på rot lik alt anna?
Matrix-filmane har aldri vore meir nærliggjande røynda enn no. Det er nesten umogleg å leva eit liv utan KI. Du finn han nesten overalt.
Ein blir servert KI-oppsummering etter KI-oppsummering. Eg prøver å lesa ein e-post, men blir fyrst møtt med ei KI-oppsummering. På Snapchat har ein sin eigen KI-assistent, «My AI», som ein kan gje eit kallenamn og avatar – truleg for å gjeva oss nokon å snakka med når venene våre ikkje svarar. Facebook har også sin eigen chatbot, «Meta AI», som om det ikkje var nok falske nyhende på den plattforma allereie – ho er jo mest aktiv blant boomergenerasjonen, som jo er annsame med å øydeleggja verda.
Det går knapt an å googla utan at ein får ei KI-oppsummering i fleisen.
Eg føler meg som Neo, og KI er som Agent Smith, som dukkar opp utan mål og meining, som forsøkjer å draga meg inn i Matrix medan eg kjempar med nebb og klør.
Men, åh, KI er jo så hjelpsam og effektiviserande! Ja, verkeleg … Kall meg gjerne ludditt, men eg er tilhengjar av mykje anna teknologisk utvikling: Komfyren, oppvaskmaskina, vaskemaskina, turketrommelen, støvsugaren – desse var effektive tekniske nyvinningar! Ein slapp å koka over open flamme, ein kunne taka oppvasken lettare, ein kunne vaska kleda lettare og ein kunne turke dei utan omsyn til vêret, og ein kunne reingjera lettare.
Men det er sanneleg ikkje lettare å ikkje tenkja sjølv; det er toskeskap!

«Olaf, du må vakne, KI-en kjem!» var det ingen som åtvara. KI-en var her over natta.
KI-en er her, og han går sanneleg ingen veg, så vakne no og slutta med å outsourca tenkjeevna di!
Eller så kan de fortsetja å bruka KI, bli heilt oppslukte, og ende menneskeætta vår – anten ved å stoppa forplantinga, gjera oss til homo stupidus eller lata KI teke over.
Men valet? Ja, det er ditt.







