Politikk og samfunn

«Situasjonen i Israel og Palestina held fram med å vera alvorleg – spesielt for kvinner og jenter»

Å rettferdiggjera slike brot på menneskerettane under påskot av tryggleik eller krigstid er uakseptabelt, skriv Ida Nesse Selsvik om Israel-Palestina-konflikten.

Ida Nesse Selsvik (17)
Publisert

Denne teksta fekk heiderleg omtale av juryen i Magasinett og Framtida.no sin skrivekonkurranse om menneskerettar.

Konflikten mellom Israel og Palestina har røter som strekkjer seg djupt inn i historia, og ho har vore prega av geopolitisk strid og territoriale konfliktar i fleire tiår.

Frå etableringa av Israel som ein sjølvstendig stat i 1948 har spenninga mellom desse to partane vore konstant til stades. Etterfølgjande krigar, som Seksdagarskrigen i 1967, har ytterlegare forverra situasjonen, med okkupasjonen av Gaza og Vestbreidda som sentrale hendingar.

Den 7. oktober 2023 nådde konflikten eit brestepunkt då Hamas og andre væpna grupper sette i gang angrep mot Israel, som vart følgde av massive militæroperasjonar og sanksjonar frå israelske styrkar i Gaza og Vestbreidda. Konflikten har så langt resultert i store sivile tap, med over 22 000 palestinarar drepne innan 7. januar 2024, og ein overveldande majoritet var kvinner og barn. (Center for preventive action, 2024).

Denne artikkelen utforskar dei brutale konsekvensane av konflikten for kvinner og jenter, og undersøkjer samtidig kvifor den største humanitære organisasjonen i verda, FN, har vist seg makteslaus i å adressera og løysa menneskerettsbrota i området.

I løpet av konflikten har fleire menneskerettar vorte brotne, spesielt når det gjeld kvinner og unge jenter.

Desse brota omfattar grunnleggjande rettar som retten til liv, tryggleik og verdigheit, som er avgjerande for kvinner og jenter i konfliktområde.

Ifølgje ein rapport frå FN-ekspertar blir kvinner og jenter i Gaza-området og Vestbreidda utsett for målretta og utanrettslege drap, ofte saman med familiemedlemmer eller barna sine. Rapporten indikerer at desse handlingane har funne stad på område der kvinnene har søkt tilflukt eller medan dei har prøvd å flykta frå valden. Nokre av dei har til og med prøvd å signalisera fred ved å visa kvite klesplagg, men dette har dessverre ikkje hatt nokon verknad. Dette strir mot menneskerettserklæringa som fastslår at enkeltpersonar har rett til å vera frie frå handlingar eller unnlatingar som medfører deira unaturlege eller tidlege død, og til å nyta eit liv med verdigheit.

quote-left

I løpet av konflikten har fleire menneskerettar vorte brotne, spesielt når det gjeld kvinner og unge jenter

quote-right

Mange har rapportert å bli utsett for umenneskeleg behandling og nekta grunnleggjande forsyningar som mat, drikke, medisin og sanitetsprodukt (United Nations, 2024). Kvinnene i dette konfliktområdet har også vorte utsette for ekstremt nedverdigande behandling. Ved minst eitt høve skal palestinske kvinner ha vorte fengsla i Gaza og halde i eit bur ute i regnet og kulda. Dette er ikkje berre nedverdigande, men kan også reknast som ein form for tortur. Handlingane som vart utførte av israelske soldatar og organisasjonar bryt med artikkel tre i menneskerettslova, som vernar ein mot psykisk og fysisk tortur, og dessutan umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff. Det som desse kvinnene opplevde, kan oppfattast som både psykisk og fysisk tortur, og er ei nedverdigande behandling som ingen bør utsetjast for ifølgje den internasjonale menneskerettslova (Equality and human rights, 2019).

Særleg urovekkjande er dei rapporterte tilfella av seksuelle overgrep, inkludert valdtekt, gjort av israelske styrkar mot palestinske kvinnelege fangar (United Nations, 2024).

Dette utgjer ikkje berre ei krenking av palestinske kvinners rett til fysisk integritet og tryggleik, men det skaper også eit djuptgripande klima av frykt og uvisse blant kvinner og unge jenter i konfliktområda.

Når slike overgrep blir utførte av autoritetar og militære styrkar, som skal vera ansvarlege for å halda oppe lov og orden, blir tilliten til rettssystemet og vernet av grunnleggjande menneskerettar sterkt underminert.

I tillegg skal også israelske soldatar ha teke bilete av palestinske kvinner og jenter i nedverdigande situasjonar, som deretter har vorte lasta opp på nettet. Dette bryt ikkje berre med kvinnenes rett til privatliv og verdigheit, men det bidreg også til å forsterka kjensla av krenking og manglande vern. Bileta kan også fungera som eit middel for offentleg audmjuking og fornedring, som ytterlegare forverrar den allereie vanskelege situasjonen for kvinnene og deira samfunn (Roth, 2024).

quote-left

Det som desse kvinnene opplevde, kan oppfattast som både psykisk og fysisk tortur

quote-right

Det er viktig å anerkjenna at slike handlingar ikkje berre er individuelle overgrep, men dei er også eit angrep på kvinners rettar som ein heilskap. Dei set eit alvorleg spørsmålsteikn ved internasjonale normer for menneskerettar og behovet for å styrkja vernet av sårbare folkegrupper, spesielt i konfliktområde.

Sjølv om det er tydelege brot på menneskerettane som skjer på Gaza-stripa og i Vestbreidda, har framleis ikkje den største humanitære organisasjonen i verda handla.

FNs generalsekretær har beskrive situasjonen som ei «krise for menneske», men likevel har ingen tiltak vorte sett i verk for å forbetra situasjonen for dei som blir ramma av denne væpna konflikten.

Dette kan delvis komma av den strukturelle maktforskjellen i FN-systemet. FN har prøvd å handtera denne konflikten fleire gonger. Spørsmålet om våpenkvile har vorte reist i Tryggingsrådet ved fleire høve, men det har vorte nedstemt kvar gong av eitt eller fleire land med vetorett. Som eit resultat har alle FNs forslag til våpenkvile vorte blokkerte, og FN har stått makteslaus i å stoppa valden som palestinske innbyggjarar opplever kvar dag (Akram, 2024).

Det er viktig å erkjenna at sjølv om det har vore forsøk på å adressera menneskerettsbrot og strukturelle problem i FN-systemet, har desse tiltaka vist seg å vera utilstrekkelege. Skipinga av FNs menneskerettsråd var eit steg i rett retning, men det har ikkje vore tilstrekkeleg for å løysa dei djuptgåande problema innan FN. Den vedvarande konflikten mellom Israel og Palestina og det følgjande saknet av FN-handling understrekar behovet for meir effektive mekanismar for å handtera slike situasjonar (Akram, 2024).

quote-left

FN har stått makteslaus i å stoppa valden som palestinske innbyggjarar opplever kvar dag

quote-right

Samtidig må me også erkjenna utfordringane med å handtera slike komplekse geopolitiske konfliktar innanfor rammene til eit internasjonalt organ som FN. Det er behov for større samarbeid og diplomati på tvers av nasjonale grenser for å oppnå berekraftige løysingar som respekterer menneskerettane til alle involverte partar.

Situasjonen i Israel og Palestina held fram med å vera alvorleg, spesielt for kvinner og jenter som lid under brutaliteten av konflikten. Trass i fleire rapportar som dokumenterer menneskerettsbrot, inkludert målretta drap på sivile, vilkårleg fengsling og seksuell vald, har det internasjonale samfunnet, representert primært av FN, ikkje klart å ta effektive tiltak for å sikra tryggleiken og rettane til den palestinske befolkninga.

Å rettferdiggjera slike brot på menneskerettane under påskot av tryggleik eller krigstid er uakseptabelt og bør møtast med tydelege internasjonale fordømmingar og handlingar for å sikra ansvar og rettferd, slik at me kan få ei løysing på konflikten som respekterer rettane og verdigheita til den sivile befolkninga.