Svar på éi av oppgåvene under og send inn innan 24. mars 2024. Sjå konkurransereglane nedst i saka.
1. Brot på menneskerettane
«Det bryt med menneskerettane», er ei utsegn ein ofte høyrer.
Skriv om ein situasjon anten i Noreg eller internasjonalt du meiner er/var eit brot på menneskerettane til ein eller fleire personar. Forklar situasjonen med gode kjelder, og argumenter for kva for menneskerettar du meiner situasjonen er eit brot på.
Illustrasjonsfoto: Markus Spiske/unsplash.com
2. Ein ukjend menneskerett
Finn ein menneskerett du meiner får for lite merksemd. Skriv ei tekst om kvifor dette er ein viktig menneskerett og kva som skal til for at denne vert vareteken.
Bruk kjelder og/eller døme frå eige liv og vis gjerne til praksis i Noreg eller andre stader i verda, som du meiner utfordrar denne menneskeretten.
Illustrasjonsfoto: Hannah Zhyhar/Unsplash.com
3. Gratis skule
I artikkel 26 i FNs menneskerettar heiter det at:
«Alle har rett til undervisning. Opplæringa skal vere kostnadsfri, i det minste i den allmenne grunnskulen. Den elementære undervisninga skal vere pliktig for alle. Alle skal ha høve til å få fagopplæring, og det skal vere like vilkår for alle til å få høgare utdanning, alt etter dei evnene dei har.»
Diskuter om denne menneskeretten vert oppfylt i Noreg. Bruk gjerne eit døme som er viktig for å sikra alle barn retten til undervisning i Noreg, eller eit døme som gjer at denne retten ikkje blir oppfylt for alle. Bruk gjerne kjelder og/eller døme frå eige liv.
Illustrasjonsfoto: Agence Olloweb/Unsplash.com
4. Foreldre vs. barn sine rettar
I artikkel 26 i FNs verdserklæring om menneskerettane står det at:
«Foreldra har førsteretten til å velje kva slags opplæring barna deira skal få.»
Er det tilfelle der barn sine rettar står i motsetnad til foreldra sine? Diskuter i kva saker barn og foreldre sine rettar kan stå i konflikt. Bruk gjerne konkrete døme, anten faktiske eller tenkte scenario.
Framtida sine tilsette og skribentar kan ikkje delta i skrivekonkurransen.
Vinnaren vil verte kontakta av Framtida.no, saman med eventuelle bidrag som juryen gir heiderleg omtale og vil publisera. Dei bidraga juryen løftar fram vil få ein premie i posten.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.