Dette er eit faktum som har vore grunnlaget for språk, undervisning og samfunn i alle tider.
Å slå fast dette betyr ikkje å nekte for at menneske kan oppleve kjønn og identitet ulikt, men det betyr at vi må klare å halde fast ved biologisk realitet samstundes som vi viser respekt for individet.
Bør vere heilt uproblematisk
For dei aller fleste barn og unge er kjønn ukomplisert. Dei er jenter og dei er gutar.
Å kunne seie «jenter» og «gutar» i skulen bør framleis vere heilt uproblematisk.
Det er ikkje undertrykkande, det er ikkje ekskluderande – det er ei nøktern beskriving av fleirtalet.
Samtidig må det sjølvsagt vere rom for dei som ikkje kjenner seg heime i desse kategoriane. Men løysinga kan ikkje vere å late som om kjønn ikkje finst, eller å gjere språket utydeleg for alle.
Dei som har andre preferansar, eller ønskjer å bli tiltala på ein annan måte, bør få moglegheit til å seie ifrå undervegs – på sine eigne premissar, når dei er klare for det.
Viktig med respekt
Som transperson veit eg kor viktig det er å bli møtt med respekt. Men respekt handlar også om balanse.
Det handlar om å ikkje påleggje barn eit komplekst og flytande språk om kjønn før dei i det heile tatt har fått utvikle ei trygg forståing av seg sjølve.
Barn treng rammer, tydelege omgrep og stabilitet.
Inkludering betyr ikkje at vi viskar ut det som er vanleg eller biologisk sant.
Inkludering betyr at det finst plass til dei som er annleis, utan at fellesskapet mistar fotfestet.
Difor meiner eg: La jenter vere jenter, la gutar vere gutar.
Det finst to kjønn – og samstundes skal det vere rom for dei som av ulike grunnar opplever kjønn annleis, og som ønskjer å dele det når dei sjølve er klare for det.






