Politikk og samfunn

«Noreg treng ein idrettsminister»

Vi ser ofte politikarar sole seg i glansen av store norske idrettsprestasjonar. No er det på tide at idretten kan sole seg i glansen av politikarane, skriv Jonas Yang Tislevoll.

Jonas Yang Tislevoll
Journalist hos Framtida
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Noreg har rekordmange idretts­utøvarar som dominerer i sin idrett.

Golfaren Victor Hovland, løparane Jakob Ingebrigtsen og Karoline Bjerkeli Grøvdahl, fotballspelarane Erling Braut Haaland, Martin Ødegaard, Ada Hegeberg og hekkeløpar Karsten Warholm gjer det alle ekstremt bra på verdsbasis, men idretten i Noreg er mykje meir enn sensasjonelle enkeltprestasjonar. No meiner eg at Noreg treng ein idrettsminister.

Idretten går i dag inn under kultur- og likestillingsdepartementet. Før valet i 2021 nemnde Bergens Tidende Marte Mjøs Persen (Ap), Anette Trettebergstuen (Ap), Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) og Freddy André Øvstegård (SV) som potensielle kandidatar til kulturministerposten, om ei raudgrøn regjering kom til makta.

quote-left

Ingen av dei fire kandidatane nemnde idrett eller sport

quote-right

BT stilte kandidatane følgande spørsmål:

– Kva blir det viktigaste for ditt parti på kulturfeltet? Kva vil du gjere, forandre, prioritere?

Ingen av dei fire kandidatane nemnde idrett eller sport, og det var i ei tid kor breiddeidretten låg brakk under koronapandemien.

Ministerposten gjekk som kjent til Anette Trettebergstuen. På grunn av alvorlege feil rundt habilitet gjekk Trettebergstuen av som minister, juni 2023. Det førte til at hennar partikollega Lubna Jaffery (Ap) vart utnemnt som Noregs nye kultur- og likestillingsminister.

Med seg på laget har ho fått tidlegare fotballproff Erlend Hanstveit som statssekretær. Med erfaring som forbundsleiar i Norske Idrettsutøveres Sentralorganisasjon trur eg Hanstveit kan vere ei viktig brikke i arbeidet rundt idretten. Med 316 kampar for Brann trur eg det er få i Norge som veit kor viktige verdiar idretten skapar.

quote-left

Spørsmålet er om vi ikkje skulle hatt ein eigen idrettsminister?

quote-right

Jaffery fortel i sitt møte med pressa at idretten vil bli et viktig fokusområde for henne som statsråd

– Eg har ikkje vore aktiv idrettspolitikar. Men eg har vore lokalpolitikar og sett viktigheita av idrettens betydning. Eg har sjølv vore ung ein gang og drive med idrett

No håper eg at dei to og resten av regjeringa vil gjere det dei kan for å løfte norsk idrett, men spørsmålet er om vi ikkje skulle hatt ein eigen idrettsminister?

1,8 millionar medlemskap

Noregs idrettsforbund hadde i 2023 rundt 1,8 millionar medlemskap i dei ordinære idrettslaga. Dette utgjer ein tredjedel av Noregs befolkning. Likevel har ikkje Noreg ein eigen idrettsminister.

Sidan 2019 har idretten mista 200.000 medlemmar. Det må vere eit sterkt varsku til dei som styrer landet.

Island, Spania, Frankrike, Ca­na­da, New Zealand, Au­stra­lia, Russ­land og Stor­bri­tan­nia er blant landa som har ein egen id­retts­mi­nis­ter.

Dei siste åra har vi lese at fleire idrettslag og organisasjonar manglar hallar å trene i. Noregs idrettsforbund skreiv den gong at anlegg er den viktigaste føresetnaden for idrett og fysisk aktivitet.

– Det å få medlemmer tilbake til idretten er Noregs idrettsforbund sitt viktigaste mål framover. For å lykkes er idretten avhengig av et betydeleg krafttak for å redusere etterslepet for bygging og investering av idrettsanlegg, uttalte dåverande idrettspresident Berit Kjøll.

Gjennom pandemien har idretts-Noreg opplevd stort fråfall. Barneidretten har for mange blitt ekstremt dyr. I ei tid med aukande matprisar, straumprisar og fleire rentehevingar, er eg nervøs for at idretten blir prioritert vekk hos småbarnsfamiliane som skal få budsjettet til å gå rundt. Men idretten skal jo vere for alle.

Kva gjer regjeringa?

I regjeringa sitt statsbudsjett for 2023, vart det sett av 96 millionar kroner ekstra i tilskot til til inkludering av barn og unge. Denne potten skal blant anna brukast til å dekka kostnader til fritidsaktivitetar.

Kommunikasjonssjef Finn Aagaard i Noregs idrettsforbund sa følgande til NRK då forslaget vart lagt fram:

– Når vi veit at det finst ca. 115.000 barn og unge i låginntektsfamiliar, seier det seg sjølv at denne potten ikkje vil dekka det faktiske behovet. Vi er i god dialog med Kulturdepartementet for å diskutere tiltak som skal sørge for at økonomi ikkje blir ei barriere for idrettsdeltaking.

quote-left

Idretten trenger framleis hjelp frå sterke stemmer i politikken

quote-right

Tilskotet enda på 96 millionar kroner, men regjeringa kom med fleire tiltak som straumstøtte og meirverdiavgiftskompensasjon til idrettslag og foreiningar ved bygging av idrettsanlegg.

Men statsbudsjettet for 2023 er historie.

Idretten trenger framleis hjelp frå sterke stemmer i politikken, og då helst ein idrettsminister.

Vi ser ofte politikarar sole seg i glansen av store norske idrettsprestasjonar. No er det på tide at idretten kan sole seg i glansen av politikarane.