Klima og miljø

«Nokon må på eit punkt tørre å seie stopp til ein uansvarleg oljepolitikk»

Om både kapital og arbeidskraft skal halde fram med vere låst fast i olja i all framtid vil vi ikkje ha sjanse til å bli like gode som resten av verda på fornybar energi, skriv Jakob Sande Haugset.

Jakob Sande Haugset (15)
Fylkesleiar i Grønn Ungdom Vestland
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

For litt over ei veke sidan vart statsbudsjettet endeleg vedtatt og det vart bestemt at det skal settast ned eit utval som skal sjå på sluttfasen til norsk olje og gass. Dette skjer etter store lobbekampanjar frå oljenæringa med bodskap om at MDG og SV må roe seg ned. I tillegg har AP og SP stått fast på at oljenæringa visst nok skal vere freda.

Likevel vart det altso til at olje er på veg ut av Norge. Og sjølv om Equinor og Offshore Norge grin over dette er dette veldig, veldig bra.

Olja er altoppslukande

I oljedebatten får ein inntrykk av at den einaste grunnen til å fase ut olja er klima. Klimakrisa er absolutt eit godt nok argument i seg sjølv til å fase ut olja. Folk døyr av hetebølger og ekstremvêr, og i Noreg herjar det både flaumar og stormar. Klimaendringane tvinger ein person på flukt kvart einaste sekund, og framover tyder alt på at det vil bli fleire. Folk vil måtte forlate heimane sine, og mange vil døy. I tillegg vil enorme verdiar verte øydelagde. Dette er alvorleg og éin god grunn til kvifor vi treng ei gradvis utfasing av olja, men langt ifrå den einaste.

Ein annan god grunn, som Offshore Norge ikkje vil at du skal vite, er at EU no skal fase ut all olje.

EU og Storbritannia kjøper 95 prosent av olje og gass vi sel. I ei verd der etterspørselen etter fossile brensel søkk, er det ingenting som tyder på at vi vil få selt olja vår framover. Då hjelp det ikkje at vi står igjen som Europa sin forlatne bensinstasjon.

Olja er ganske so altoppslukande. Store mengder uvurderleg kompetanse av arbeidskrafta går i dag til olja, og dette fører til at Norge heng langt bakpå når det kjem til å halde tritt med resten av verda på fornybar energi. Om både kapital og arbeidskraft skal halde fram med vere låst fast i olja i all framtid vil vi ikkje ha sjanse til å bli like gode som resten av verda på fornybar energi. Ikkje minst har vi eit stort mangfald av bedrifter som står klare til å levere på morgondagens løysingar, som med framleis einsidig oljesatsing ikkje får oppskalert sin verdiskaping.

Til dømes veit vi at Noreg produserer 40 prosent av aluminiumsfolien selt i EU. Når vi var på besøk til Norsk Hydro, spurte vi kor mykje dei kunne ha oppskalert produksjonen. Dei svarte dei at det einaste som hindrar dei i å doble produksjonen er at alle sveisarane er låst fast i olja. Dei er ikkje dei einaste i industrien som kjenner på dette.

Norsk økonomi avheng av ein plan utan olje

Om vi derimot klarer å omstille oss, har eg god tru på det norske fornybareventyret.

Vi har pengar til å satse, og vi har utvilsamt kompetansen som trengst. No er berre dei flinke folka låst fast i olja.

På denne måten er olja negativ for Norge. Dette påverkar oss negativt i dag, men særleg i framtida når ingen vil kjøpe olja vår vil dette gå hardt utover norsk økonomi. Ifølge Sokkeldirektorater (tidlegare Oljedirektoratet) sjølv har vi berre 28 år igjen til vi er tomme om vi held fram med å pumpe opp olje i dagens tempo. Dette er fordi om vi legg saman all olja dei seier ligg under overflata i dag, og deler det på kor mykje vi pumper opp på ein dag, er det berre 28 år igjen.

Det er med andre ord mange gode grunnar til å begynne å fase ut olja, både for norsk økonomi, arbeidsplassar, og ikkje minst for klimaet og vårt felles livsgrunnlag. Det er heller ingen som har sagt vi skal stoppe over natta, men norsk økonomi avheng av at vi følger marknaden og utarbeider ein plan for korleis vi forheld oss til den uunngåelege nedgangen i oljemarknaden.

Nokon må på eit punkt tørre å seie stopp til ein uansvarleg oljepolitikk. Derfor er eg glad for at MDG har fått gjennomslag for at ein slik plan skal lagas.