Politikk og samfunn

«Nok er nok. Det er på tide å melde seg inn»

Vi har hatt meir enn god nok tid til å lage ei kartlegging av kor det kan vere aktuelt å bygge ut fornybare ressursar, skriv Mathias Nikolai Berg i Oslo Europeisk Ungdom.

Mathias Nikolai Berg (18)
Nestleiar i Oslo Europeisk Ungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett frå bokmål av redaksjonen.

Nyleg har fleire mediehus gått ut med at EU vurderer sanksjonar mot Noreg dersom vi ikkje ratifiserer EU 2018/2001 (Direktiv for promotering av fornybare ressursar). Dette har skapt ein virvelvind i sosiale medium om korleis dette vil halde prisen høg for norske straumbrukarar. Dette er direkte faktafeil.

Fordi, kva seier eigentleg direktivet? Kvifor er dette relevant for Noreg?

Like reglar

Kort samanfatta vil direktivet sørge for at alle speler etter same reglar med tanke på straumstøtte, utvikling av batteri, og tillate at forbrukarar, altså deg og meg, sel straum tilbake til staten. Dette vil rette Noreg, på lik linje med Europa, inn i same retning til ei grøn og fornybar framtid.

quote-left

Kvifor vere så skeptisk no?

quote-right

Direktivet vil også sørge for å innfri Parisavtalen, som Jonas Gahr Støre sjølv lova han skulle gjere og peikar på som ein av dei viktigaste tinga Noreg kunne gjere. Då spør vi i Oslo Europeisk Ungdom: Kvifor vere så skeptisk no? Kvifor vil ikkje dagens regjering gjere det dei lova og gjennomføre politikk som gagnar oss alle? Det har eg ikkje svaret på. Eg fryktar det er for å tromme opp ytterlegare EU-motstand i Noreg. Og for å kanskje sikre seg ein regjeringsperiode til.

Tatt på senga?

Eit argument som ofte kjem frå nei-sida er at dette blir tvinga gjennom av våre politikarar med kort frist. Dette meiner eg faktisk blir for dumt. Politikar-Noreg har sulla rundt i seks år med tommel i munn for å så å bli tatt på senga av eit direktiv som var på behandling i 2018? Det er for dumt.

Vi har hatt meir enn god nok tid til å lage ei kartlegging av kor det kan vere aktuelt å bygge ut fornybare ressursar.

 

quote-left

På grunn av vår særstatus bruker vi ufatteleg lang tid på å få til noko som helst

quote-right

I Noreg tar eit vindprosjekt ti til tolv år å gjennomføre, medan svenskane får det til på to år. Noreg har ein enorm maritim kompetanse til å få ting gjennomført, men på grunn av vår særstatus bruker vi ufatteleg lang tid på å få til noko som helst. EU sørger for ei god og ekspeditt behandling.

Nok er nok. Det er på tide å melde seg inn.