Politikk og samfunn

«Nei takk til å tvinge ungdom til pliktår!»

– Dersom ein skal stele eit år av livet til all norsk ungdom til eit pliktår burde det vere absolutt naudsynt. Det er ikkje tilfellet, skriv Emma Skarseth Strandbakke (20).

Emma Skarseth Strandbakke (20)
Sentralstyremedlem i Unge Venstre
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett frå bokmål av redaksjonen.

I det siste har Stavanger Arbeidarparti med kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun i spissen fremja eit forslag om at alle 19-åringar i Noreg skal gjennomføre pliktår. Ho har fått støtte av fleire andre, blant anna Unge Høgres leiar Ola Svenneby. 

Det føreslåtte pliktåret vil innebere at alle skal tene ei form for førstegongsteneste etter vidaregåande, innanfor for eksempel helseyrke eller i frivillige organisasjonar.

Dette vil på ingen måte vere ei løysing på store samfunnsutfordringar som mangel på arbeidskraft eller å styrke beredskapen.

Tvert imot er det heller ei unnskyldning for å få umotivert ungdom til å jobbe nærmast gratis for staten. Det vil vere ei enorm fridomsrøving for alle landets 19-åringar, som heller kunne begynt å studere eller jobbe med noko dei sjølv ønsker. 

Dersom ein skal stele eit år av livet til all norsk ungdom til eit pliktår burde det vere absolutt naudsynt. Det er ikkje tilfellet her.

 

quote-left

Det vil vere ei enorm fridomsrøving for alle landets 19-åringar

quote-right

I dag er det allereie ein viss del ungdom som jobbar eitt år for staten, i førstegongstenesta.

Likevel kan det ikkje samanliknast med pliktåret Nordtun føreslår. Å ha verneplikt er heilt essensielt for å ha eit operativt forsvar i Noreg. Dei vernepliktige spelar ei avgjerande rolle i å kunne forsvare landet i krise og krig. 

Det er enkelt å rettferdiggjere at ein viss del ungdommar bruker eitt år i førstegongstenesta, når ein veit det er avgjerande for evna til å forsvare landet. Å utvide plikta til å omfatte andre samfunnsområde slik Nordtun føreslår, kan føre til ei svekking av verneplikta si store legitimitet.

Vidare vil eit slikt pliktår vere svært byråkratisk og ha store økonomiske kostnadar. Dersom 60 000 19-åringar kvart einaste år skal plasserast i ei teneste rundt om i heile landet, vil det vere enormt kostnadskrevjande å administrere programmet. I tillegg vil tilsette på for eksempel sjukeheimar bruke store ressursar på opplæring av umotivert ungdom, som uansett berre vil vere tilsett i eitt år. 

Fagforbundet har uttalt seg kritisk til forslaget om pliktår, og er helt einig i at dette ikkje vil løyse mangelen på arbeidskraft innan blant anna helsesektoren. I tillegg meiner dei det er ei nedvurdering av det viktige arbeidet til fagutdanna i sektorane. 

quote-left

Skal ein innføre pliktår, burde det vore ei nødvendigheit for å få samfunnet til å fungere

quote-right

Det er ei betre løysing å investere ressursane i motiverte, fagutdanna tilsette som vel å jobbe i disse yrka på grunn av at dei sjølv ønsker, ikkje på grunn av tvang.

Det er også betre om 19-åringane får starte å studere eller jobbe med det dei ønsker, heller enn å utsette det eit år. Det er vanskeleg å forstå korleis Kari Nessa Nordtun meiner pliktår vil styrke den norske beredskapen, når det vil føre til at ungdom må vente på utdanninga for å bli for eksempel lærar eller sjukepleiar. 

Vi i Noreg er heldige som bur i eit fritt land. Då burde vi la individa bestemme mest mogleg sjølv, og la tvang vere siste utveg. Skal ein innføre pliktår, burde det vore ei nødvendigheit for å få samfunnet til å fungere. Det er det på ingen måte i dag.

Svaret på store samfunnsutfordringar som mangel på arbeidskraft både kan og må løysast på mindre fridomsrøvande og økonomisk kostbare måtar.