50 år sidan Soweto-ungdom endra historia. No er det vår tur
For oss i Noreg kan historia om Soweto verka fjern, men ho handlar om noko som gjeld ungdom overalt, skriv Sarah Taif, Solidaritetsungdommen; Henriette Johnstone, SAIH og Kristin Sofie Hauge Mansaray, OD.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
16. juni 1976, gjekk rundt 20 000 skuleelevar ut i gatene i Soweto for å protestera mot eit urettferdig og rasistisk skulesystem. Apartheidregimet hadde bestemt at undervisninga skulle gå føre seg på afrikaans, eit språk veldig likt nederlandsk, som mange av elevane ikkje forstod og knytte til undertrykkinga dei levde under. Protesten var fredeleg. Elevane bar skuleuniformer, plakatar og håp. Svaret dei fekk, var brutalitet.
Apartheidpolitiet opna eld mot demonstrantane. I dagane og månadene som følgde vart hundrevis av barn og unge drepen. Biletet av 13 år gamle Hector Pieterson, som blir boren bort etter å ha vorte skoten, vart eit symbol på kor langt eit regime var villig til å gå for å knebla unge stemmer.
Men Soweto-opprøret vart også eit symbol på noko anna: kva ungdom kan få til når dei organiserer seg. Ungdommane som tok til gatene i 1976 skaka eit heilt system. Dei inspirerte ei global rørsle. Dei viste at når unge står saman, kan dei forandra historia.
Urettferda er ikkje over
Sjølv om apartheid vart avskaffa i 1994 lever arven etter systemet vidare i Sør-Afrikas skular. I dag er det økonomiske forskjellar – som følgjer dei same historiske linjene som apartheid skapte – som avgjer kva skular barn får gå på. Har du mørk hudfarge og bur i eit fattig område, er sjansen stor for at du går på ein skule med for få lærarar, nedslitne skulebygg og mangel på undervisningsutstyr.
Dette skjer i eit land som har ei av dei mest progressive grunnlovene i verda, der retten til utdanning er garantert. Problemet er at han ikkje blir følgt opp.
Ein ny generasjon tek kampen
I dag er det ungdomsrørsla Equal Education som fører kampen vidare. På mange måtar kan han samanliknast med Elevorganisasjonen i Noreg: unge organiserer seg for å forsvara retten til ein god skule. Dei lærer om rettane sine, dokumenterer manglar ved eigne skular og held styresmaktene ansvarlege.
Gjennom målretta påverknadsarbeid har dei allereie bidrege til betre skulebygg, fleire lærarar og sterkare krav til kvalitet i skulen. Men arbeidet er langt frå ferdig. For oss i Noreg kan historia om Soweto verka fjern, men ho handlar om noko som gjeld ungdom overalt: retten til å bli høyrd og moglegheita til å skapa endring.
Derfor går Operasjon Dagsverk i år til Equal Education
I år står ungdom i Noreg skulder ved skulder med ungdom i Sør-Afrika. Ved å delta i Operasjon Dagsverk 2026 bidreg du direkte til at fleire elevar får trygge, rettferdige og gode skular. Du bidreg til at ungdom i Sør-Afrika får høve til å halda fram kampen dei sjølv leier – ein kamp som handlar om noko så grunnleggjande som retten til å læra. Soweto-opprøret starta med ungdom som nekta å godta urettferd. Femti år seinare kan me heidra deira mot ved å støtta dei som kjempar vidare.
Til deg som les dette: Ungdom har alltid forandra verda. No er det vår tur.
Bli med på Operasjon Dagsverk i år. Sprei kunnskap, meld skulen din på OD og bli gjerne frivillig sjølv. Bruk éin dag av livet ditt til å gi andre ei betre framtid. Det er slik solidaritet ser ut i praksis.







