Politikk og samfunn

«Myten om at det er bra for helsa å ta eit glas raudvin om dagen lever diverre i beste velgåande»

I ei verd full av informasjon (og feilinformasjon) er det tryggande at rapporten frå Nordic Nutrition Recommendations (NNR) endeleg slår fast at inga mengd alkohol er bra for deg.  

Sarah Jul-Rasmussen
Styreleiar i Juvente
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Alkohol er det mest brukte rusmiddelet i Noreg. Tal frå 2021 viser at heile 35 prosent av nordmenn drikk alkohol kvar veke, og alkoholkonsumet er aukande, spesielt blant kvinner og eldre. Då er det kanskje ikkje så rart at ein som ung i dag tenkjer at det er heilt fint, og ikkje minst normalt å drikke alkohol.

I Juvente synest vi dette er problematisk. Dei negative sidene knytt til drikking blir i stor grad dyssa ned, eller i verste fall ikkje snakka om i det heile! Difor vil vi applaudere dei nye råda frå NNR som ein gong for alle slår fast at inga mengd med alkohol er trygt om du vil ta vare på helsa di. Det er modige råd å gje, spesielt med tanke på drikkekulturen som regjerer i Noreg i dag.

quote-left

Det får konsekvensar mellom anna for helsa vår, arbeidslivet og dei vi har rundt oss

quote-right

For skuggesida med nordmenns drikkevanar er ganske dystre. Det får konsekvensar mellom anna for helsa vår, arbeidslivet og dei vi har rundt oss. Ifølgje Actis har 300 000 personar hatt lågare produktivitet på jobben som følgje av alkohol. Ei undersøking bestilt av Actis viser at det er mange som ikkje veit at alkohol er den direkte årsaka til mange typar kreft, og dessutan hjarte- og karsjukdommar. Det blir heller ikkje snakka så mykje om korleis alkohol påverkar psyken vår. Jo tidlegare ein startar å drikke, jo meir utsett er ein for å utvikle depresjon, angst og dårleg sjølvkjensle. 

Vi veit at dette er informasjon som ofte ikkje når oss ungdom når vi blir introdusert for alkohol for første gong. Det er så normalisert å drikke, at mange ofte ikkje reflekterer over kva konsekvensar alkohol kan gje, både på kort og lang sikt. Dette må endrast på, slik at vi ungdom kan ta informerte val første gong vi blir introdusert for alkohol.

quote-left

No forventar vi i Juvente at Helsedirektoratet tek råda på alvor, og set ein klar og tydeleg standard for alkoholkonsum

quote-right

Difor er det ei letting at det endeleg kjem nokre klare og tydelege råd om alkoholbruk.

No forventar vi i Juvente at Helsedirektoratet tek råda på alvor, og set ein klar og tydeleg standard for alkoholkonsum. For myten om at det er bra for helsa å ta eit glas raudvin om dagen lever diverre i beste velgåande, men dei nye kosthaldsråda avkreftar dette ein gong for alle.