Milla (14): «Førestill deg å sjå på at framtida di blir øydelagd medan du ikkje har moglegheit til å stoppe det»
Vi barn er klare til å samarbeide for å lage ei god felles framtid. Difor ber eg dykk politikarar å gjere dei tiltaka som må til for at vi alle kan få ei fin verd å leve i, skriv Milla Søreide Charbaut (14).
Appellen er henta med løyve frå antologien «Seier eller svik? 30 år i kamp for en bærekraftig verden», som vert gjeven ut av Forum for utvikling og miljø (ForUM). Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Eg heiter Milla, er 14 år og bur i Florø. Eg er aktiv i barne- og ungdomsorganisasjonen Miljøagentene, og har sete i Barnas Klimapanel i tre år. Det har gitt meg mange ugløymelege opplevingar og gitt meg masse engasjement rundt klimasaka.
No er det 2023. I løpet at det siste tiåret har det kome eit utal klimarapportar og artiklar der kvar blir meir og meir alvorleg og dramatisk.
Korleis skal vi klare oss da?
Det er åtte år sidan Parisavtalen blei vedtatt. Den gjekk ut på at den globale temperaturen helst ikkje skulle auke meir enn 1,5 grad, og maks to grader. Men kva skal vi gjere når klimaforskarar har føresett ei auke på over fire grader innan det neste hundreår? Korleis skal vi klare oss da?
Klimaforskarar har i årevis sagt av vi må endre på livsstilen og forbruket vårt for å klare å nå 1,5-gradersmålet. Men no begynner det å kome nye beskjedar. Det er heller «vi må begynne å førebu oss på å leve i eit klima der den globale temperaturen har auka med 3–4 grader».
Å tilpasse seg eit så varmt klima er nesten umogleg. Det vil bli store mengder skogbrannar, flaum, hetebølger osb. kvart år.
I tillegg synest eg at å tilpasse seg er feil innstilling. Vi må heller halde fram med å fokusere på å bremse utsleppa, og utvikle ny teknologi som kan bli alternativ for ting vi har stort forbruk av.
Og når berre litt over éin prosent av klimaforskarane trur at vi kan nå klimamåla, er det verkeleg på tide å gjere noko.
For å nå måla må vi handle no
For å nå måla må vi handle no. Uansett om vi må endre livsstilen vår totalt. Faktisk seier over 50 prosent av barna at dei er villige til å endre på ting i livet sitt for å ta omsyn til klimaet.
Det handlar om vår framtid, men sidan vi er barn har vi ikkje moglegheit til å endre politikken. Berre førestill deg å sjå på at framtida di blir øydelagd medan du ikkje har moglegheit til å stoppe det frå å skje.
Vi barn er klare til å samarbeide for å lage ei god felles framtid. Difor ber eg dykk politikarar å gjere dei tiltaka som må til for at vi alle kan få ei fin verd å leve i.