Identitet

«Me treng at de er med på å stå opp mot hat heile året»

Pride er ikkje berre ein fest. Det er ein rettskamp, eit oppgjer med haldningar og fordommar, skriv Jane-Victorius Bonsaksen, leiar i Skeiv Ungdom.

Jane-Victorius Bonsaksen (27)
Leiar i Skeiv Ungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett frå bokmål av redaksjonen.

Kva gjer du når heile konseptet «deg» er under angrep?

Kva gjer du, når du dagleg ser at folk som deg blir trakassert, slått ned, og hetsa? Når menneske skuldar deg for å vera ein del av ein dagsorden som er ute etter å skada samfunnet?

25. juni 2022

Kva gjer du når folk som deg blir skadd, skotne, drepne – og andre bruker det for å legitimera hatet sitt mot konseptet «deg»?

Det er sånn ein del av det skeive miljøet har det no, to år etter 25. juni – etter eit terrorangrep mot Oslo Pride. To personar mista livet, minst 21 vart skadde – og tallause andre har fått varige traume og stressreaksjonar.

Pride vekkjer ikkje lenger berre ei kjensle av glede og fest, men hos mange av oss ei kjensle av sinne, sorg, frykt – håpløyse. Ei kjensle som er endå sterkare no i juni, i pride-månaden.

Pride har alltid vore protest, og kamp for rettar, men det har òg vore ein radikal fest av liv, og håp, og glede i fellesskapet.

Me vil leva gode liv, på lik linje med andre.

quote-left

Me treng at alle som støttar oss står opp, at de er eksplisitt støttande

quote-right

Me treng at alle som støttar oss står opp, at de er eksplisitt støttande. Det er ikkje lenger berre nok og seia det – du må visa det der du er.

Menneske som er heterofile og cis-kjønna må visa at dei står saman med rørsla ikkje berre når det er fest, glitter og gøy, men òg når det er vanskeleg. Når debattar om flagg og kjønn fyrer opp kommentarfelta med hat. Når me får hatefulle ytringar kasta etter oss på gata. Når me blir angripne.

Trygge rom

Pride er vakkert sjølv når det er mykje debatt.

Pride er ofte den månaden folk kan vera seg sjølv, møta likestilte og ha trygge rom. Trygge rom og aktivitetar med likestilte minskar minoritetsstress.

quote-left

Me treng at de tek eit oppgjer med haldningar og kultur

quote-right

Fest og moro er viktige verkemiddel for å letta på trykket ein følar som minoritet. Me festar for å få ut kjenslene. Men det er ikkje nok å berre ha ein månad der me kan vera oss sjølve. Ein månad der de er med på festen og er støttande. Me treng at det blir skapt trygge rom heile tida. Me treng at de tek eit oppgjer med haldningar og kultur. Me treng at media er med på og luke i bedet av hat når dei publiserer. Me treng medium som tenkjer seg om ein gong ekstra når dei publiserer nok ein artikkel om flagg, kjønn og pridedebatten.

Til alle skeive:

Me veit at det er vanskeleg å vera open. Me veit det kan vera vanskeleg å feira pride når terroren framleis kjennest så alt for nær. Men når ting er tøft, treng me å stå saman. Me treng pride og protest og politikk, men me må òg ha fest og glitter. Me må få lov til å slappa av og lada batteriet. Det er ikkje berre ein kamp.

Til dykk som er allierte:

Pride er ikkje berre ein fest. Det er ein rettskamp, eit oppgjer med haldningar og fordommar. Og begge delar må vera med, både fest med glitter og kamp i skjønn sameining.

Me treng at de er med på å stå opp mot hat heile året, og at dette er noko me ikkje gjer åleine.

Det er vanskeleg å bera byrda som er å kjempa for og forsvara identiteten sin. Me treng dykkar hjelp. Me er eit fellesskap, og då må me ta vare på kvarandre og stå i kampane saman.