«Eg er ikkje ei dokke, sjølv om fleire behandlar meg slik»
Fordi eg sit i rullestol og har CP, så er det fleire som behandlar meg som ei barbiedokke og som eit barn som ikkje har nokre meiningar i det heile, skriv Rebecca Jeanette Sivertsen Lie (26).
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett frå bokmål med løyve frå forfattaren.
Eg heiter Rebecca og er 26 år gammal.
Eg har CP og sit i rullestol.
Rullestolbarbie
Eg er som ein heilt vanleg 26-åring utanom dette.
Eg elskar rosa, sminke, hår, klede og sosiale medium. Men fordi eg sit i rullestol og har CP, så er det fleire som behandlar meg som ei barbiedokke og som eit barn som ikkje har nokre meiningar i det heile.
Dette har eg no valt å ta eigarskap over, og kallar meg sjølv for Rullestolbarbie.

For somme er det eit sjokk at eg tek avgjerder og bestemmer over mitt eige liv

Det er ikkje alle som forstår at eg kan bestemma over livet mitt sjølv.
For somme er det eit sjokk at eg tek avgjerder og bestemmer over mitt eige liv, medan andre tenkjer ikkje så mykje over det.
Mange menneske misforstår, nettopp fordi dei ikkje har nok kunnskap om tilstanden min.
Generasjonsskifte
Eg snakkar utydeleg fordi min type CP påverkar muskelfunksjonen og dermed taleevna. Det mange då trur, er at eg ikkje forstår kva dei seier, fordi eg snakkar utydeleg.
I tillegg har eg spasmar, altså ufrivillige rørsler, som blir forsterka når eg kjenner sterkt: alt frå glede, sinne, redsel og frustrasjon til tungsinn.
Dessverre trur mange at eg då utagerer, fordi dei ikkje veit kva spasmar er og korleis dei blir påverka.
Mange menneske trur ofte eg har ei psykisk funksjonsnedsetjing berre fordi eg har ei fysisk funksjonsnedsetjing.
Desse misforståingane gjeld ofte dei som er litt eldre, men eg ser eit generasjonsskifte og tenkjer at det er bra.
Dokkebehandling
Barn leikar med barbiedokker. Dei greier og dullar med håret, stryk dei på kinnet og har ei eiga leikestemme. Det er også slik nokre menneske behandlar meg. Dei klappar meg på hovudet, stryk meg på kinnet, dullar med håret mitt og bruker ei heilt anna stemme når dei snakkar til meg.

Likevel er det ingen som ber meg ut på date eller ser på meg som ein potensiell kjærast

Dei seier ting som: «Så søt du er». Spesielt er det fleire gutar som seier dette, men dei gjer aldri noko med det. Dei ser at eg er intelligent og smart, og dei behandlar meg som alle 26-åringar. Likevel er det ingen som ber meg ut på date eller ser på meg som ein potensiell kjærast.
Det var litt meir hyggjeleg å bli behandla på denne måten som barn, då ein gjerne ville ha litt meir merksemd.
Men som vaksen kjennest det meir nedlatande og slitsamt, då eg heile tida må motbevisa og visa til at eg er ei veldig intelligent og smart dame. Likevel har eg vorte vand til å bli behandla på denne måten, som ei barbiedokke, og det synest eg er skummelt å måtta bli vand til. Dei som bur i nærsamfunnet og kjenner meg, forstår at det er slitsamt og kjennest nedlatande, men dei som kjem utanfrå forstår gjerne ikkje dette.
Barbie er ei dokke
Eg har som alle andre mål og draumar i livet. Desse strekkjer eg meg etter og jobbar for å oppnå.
Eg har min eigen nettbutikk og eg formidlar livet med CP via TikTok og Snapchat.
Barbie kan vera eit symbol på nettopp dette. Men me er vel alle også samde om at Barbie er ei dokke.
Eg er ikkje ei dokke, sjølv om fleire behandlar meg slik.
Eg vil også ut på date og finna meg ein kjærast. Eg har no valt å eiga det, namnet Rullestolbarbie, slik som eg gjer med alt anna.






