Politikk og samfunn

«Kvotering er ikkje «representasjonshysteri»»

Simen Bondevik (23)
3. vara til bystyret i Oslo for Partiet Sentrum
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I eit svarinnlegg til min woke-kronikk i VG tidlegare i år kritiserer Maria Zähler (FrP) oss som er «woke» for å støtte kvotering.

Zähler skriv: «De vil ha reparasjoner. Kvotering. De står for et representasjonshysteri, der man av en grunn mange andre ikke forstår mener det må være veldig jevn fordeling av kjønn og etnisitet i for eksempel styrerom».

Eg er svært usamd med Zähler i at alle former for kvotering utgjer eit «representasjonshysteri». I ei ideell verd ville det sjølvsagt ikkje vore naudsynt med kvotering, men i dagens samfunn meiner eg at kvotering til ei viss grad dessverre er nødvendig.

Dårleg representasjon

Berre 17,3 prosent av daglege leiarar i norske aksjeselskap er kvinner, ifølgje SSB. Har du utanlandsk etternamn, vert sannsynet for å i det heile bli kalla inn til jobbintervju redusert med om lag 25 prosent. Rullestolbrukarar vert kalla inn til berre halvparten så mange jobbintervju som andre med same kvalifikasjonar.

Det finst svært mange døme på styre med dårleg representasjon. Til dømes då Zähler sitt eige parti tilbake i mars 2021 innstilte eit nytt sentralstyre som berre bestod av menn, utanom Sylvi Listhaug. Etter fleire medieoppslag gjekk FrP inn for eit styre med noko betre kjønnsbalanse.

Eit anna politisk parti langt ute på høgresida, Liberalistene, valde nyleg eit sentralstyre som utelukkande bestod av tretten kvite menn. Dei proklamerte stolt på Twitter/X: «Ingen er kvotert inn her».

Representasjon er viktig

Representasjon betyr mykje og er svært viktig både for enkeltmenneske og samfunnet som heilskap. Både når det gjeld kjønn, etnisitet, funksjonsevne, legning og andre former for minoritetstilhøyrsle. Representasjon skapar tillit og tilhøyrsle.

quote-left

Kvotering er ein måte å skape betre representasjon på

quote-right

Kvotering er ein måte å skape betre representasjon på. Det finst mange døme på at ulike former for kvotering har hatt effekt. Samstundes er det viktig at kvotering ikkje erstattar andre tiltak for mangfald, men blir nytta som eitt av mange verktøy i arbeidet for representasjon og eit sunt mangfald.

Må kompenserast for

Systematisk diskriminering over tid gjev dessverre nokre uønskte resultat som vi er nøydde til å kompensere for. Alle menneske skal ha like moglegheiter til å lukkast uavhengig av minoritetstilhøyrsle. Då treng vi både politiske tiltak og ei haldningsendring. Fram til dette er på plass, vil kvotering til ei viss grad vere nødvendig.

Vi har ein lang veg att å gå før samfunnet vårt er likestilt. I staden for å kritisere dei av oss som jobbar for representasjon og likestilling, burde Zähler bli med i kampen. Mangfald i styrerom er ein gagn, og kvotering kan vere eitt av fleire verkemiddel for å oppnå det.