Kultur

«Hvem skrivefeil?» – Mistak eller vanleg variasjon?

«At ungane «ikkje talar rett lenger» er ei gamal og oppbruka soge. Men i våre dagar er det altso ungdomen sjølv som står i brodden for motstanden,» skriv Lucas Engås Lynum.

Lucas Engås Lynum (22)
Lingvistikkstudent
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Den siste tida har det gått ein liten storm i sosiale medium. Førre månad kom òg TV2 med eit stykke om saka. Unge folk har atter ein gong fare uvel med språket, og seier no ting som hvem bil, når klokka og jeg så hun.

Tidlegare var det helst foreldra som tok til orde for slikt. At ungane «ikkje talar rett lenger» er ei gamal og oppbruka soge. Men i våre dagar er det altso ungdomen sjølv som står i brodden for motstanden. Stundom går retorikken so langt, kanskje særleg i kommentarfelta, at ein nær sagt får inntrykk av at heile grunnmuren i språket no står i faresona, og at me berre er nokre steinkast unna fullt samanras.

Sjå til Ivar Aasen

Ein kan spørja seg kva som er so gale med alle desse vendingane. Hvem bil finn ein att i mange norske målføre, særleg austlendske, der det kan heita (h)åkken bil har du? (håkken, om du lurar, tyder det same som kven). Her har me rett og slett ein konstruksjon som har vorte lånt inn i bymåla frå målføra.

Når klokka er kanskje ei nyvinning, i og med at eg ikkje har greitt å finna eldre kjelder som brukar denne vendinga. Men ho er i grunnen ikkje merkelegare enn ordlaget når tid, som sjølvaste Ivar Aasen hadde notert ned i ordboka si alt i 1873 under oppslaget for naar.

Når det gjeld jeg så hun, vil eg minna om at det tradisjonelle talemålet i Oslo, oslomålet, ikkje hadde hun/henne, slik bokmål har i dag. Der hadde ein formene hu, ‘a og henner, som fylgde setningsrytmiske reglar og ikkje vanlege reglar om subjekts- og objektsstilling. Ta desse setningane frå boka Oslo bymål av Geirr Wigenn, gjeve ut i 1981:

∙ Hu gjoLe ‘re ikke «ho gjorde det ikkje»

∙ Det sa ‘a ‘kke no’ åmm «det sa ho ikkje noko om»

∙ Henner ær domm, hu! «ho er dum, ho!»

Som de ser, hadde det gamle oslomålet eit heilt anna system enn det bokmål har. I andre dialektar – til dømes mange nordnorske – heiter det ho over heile fjøla. Når ein har so ulike system som støyter saman, er det ikkje rart at dei som elles snakkar lytefritt «bokmål» blandar saman dei ulike formene no og då.

Harde atterslag

Når me no har sett kor ufarlege desse variasjonane verkeleg er, er kanskje spørsmålet kvifor det skapar eit so stort rabalder for folk.

For meg er det særs påfallande at det er byaustlendingar som syng høgst i koret her. Dei snakkar det som i dag rimelegast er det mest homogene talemålet i heile landet: «standard austnorsk». Om ein er austlending frå byen, har ein hatt glede av å høyra talemålet sitt overalt i alle delar av samfunnet, få spegla tala si godt i skriftmålet, og berre ein sjeldan gong vert ein utsett for det ein må kalla for skikkeleg brei dialekt, som på alle måtar vik frå bokmålshegemoniet ein har vorte so vand til.

Den strenge fastleiken i kva som er godteke innanføre «standard austnorsk» eller bokmål, gjer at når ein fyrst støyter borti all ymsinga som me andre tek for gjeve, vert det møtt med harde atterslag.

Kva seier det om dei eigenlege synene våre på dialektriket og språkmangfaldet Norig, når det minste innsig av språkleg nyvinning og målførepåverknad i bokmålet fører til slikt eit nedslag?