Politikk og samfunn

«Eg lever i dag fordi fødestova i Lærdal fanst»

Lik tilgang til helsetenester er ikkje eit privilegium, det er ein rett, skriv Kasper Smedegård (17).

Kasper Høl Smedegård (17)
Leiar i Årdal og Lærdal AUF
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I haust kom forslaga frå Helse Førde om å legga ned ortopediavdelinga, skadepoliklinikkane og barselavdelinga ved Lærdal sjukehus.

For oss som bur her, betyr det mindre tryggleik, lengre avstandar og større risiko når det verkeleg gjeld.

Livreddande tilbod

Eg vil bruke mi eiga historie til å vise kvifor dette sjukehuset er livsviktig, og kvifor det må få leve vidare.

Den fjortande april 2008 køyrer mora mi frå Årdal mot Lærdal sjukehus. Vatnet hadde gått, og det var ikkje lenge til ho skulle få sjå den vesle sonen sin.

Men fødselen gjekk ikkje som planlagd. Ti minutt etter ho kom til sjukehuset og vart lagt inn på fødestova, skjer det som ikkje skal skje. Navlestrengen kjem ut før fødselen er i gang. Etter kanskje fem minutt var ho lagt på operasjonsbenken, og det stod om sekund for å berge livet.

Skrekken slo legane då eg kom ut livlaus. Heldigvis vakna eg igjen få sekund seinare.

Eg lever i dag fordi fødestova i Lærdal fanst.

Flytte heim?

Dersom mora mi skulle født i Voss eller Førde, er det stor sjanse for at denne historia hadde hatt ein heilt annan slutt. Slike tilfelle er ekstremt sjeldne, men dei skjer, og det er ingenting som hindrar at det kan skje igjen.

I dag er fødestova i Lærdal historie. Det var eit stort nederlag for regionen vår.

I ei tid der tilbod blir lagt ned, lurer eg ofte på korleis eg skal kunne overtyde nokon om å flytte heim, stifte familie og satse på ei framtid her, når helsetilbodet forsvinn.

Kvifor skal eg ha lyst til å flytte heim når avstandane aukar, beredskapen svekkjast og vissa om hjelp når det gjeld, blir borte?

Meir enn mur

Eit sjukehus er så mykje meir enn berre ein bygning.
Det er tryggleik.
Det er tillit.
Det er vissa om at når det verkeleg står om liv og død, så er hjelpa nær.

Når styret i Helse Førde no vurderer å leggje ned fleire ortopediske tilbod ved Lærdal sjukehus, må de forstå kva dette faktisk betyr i praksis.

Her er ikkje lange avstandar eit teoretisk argument – dei er kvardagen vår. Fjellovergangar stenger. Vêret slår om. Ambulanseveg kan bli livsfarleg lang.

I slike område kan minutt vere skilnaden på liv og død.

Velferd styrt av marknadslogikk

Dette handlar ikkje berre om helsepolitikk.
Det handlar om kva slags samfunn de ønskjer å vere ansvarlege for.

Når velferd blir styrt etter marknadslogikk, er det ikkje lenger velferd.
De kan ikkje late helse reduserast til tal i eit rekneark.
Liv kan ikkje effektiviserast vekk.

Postnummerlotteri

Lik tilgang til helsetenester er ikkje eit privilegium, det er ein rett.
Ein rett som ikkje skal avhenge av postnummer, geografi eller lønsemd.

Lærdal sjukehus er ikkje ein kostnad.
Det er ein livsviktig ressurs.
For regionen.
For framtida.
Og for dei som enno ikkje er fødde, men som ein dag kan vere heilt avhengige av at hjelpa er nær.

Stans nedbygginga

Eg, som mange andre ungdommar i regionen vår, må snart ta viktige val om framtida. Vi får ofte høyre at ungdom må engasjere seg, ta ansvar og bidra til å utvikle lokalsamfunna våre. Men samstundes ser vi at heilt grunnleggjande tilbod blir bygde ned rundt oss.

Difor håper eg regjeringa, grip inn, tek ansvar og stansar vidare nedbygging av Lærdal sjukehus