«Har du møtt éin med ADHD, så har du møtt éin med ADHD»

ADHD er ikkje berre hyperaktivitet, uro og konsentrasjonsproblem, skriv påverkar Nellie Krokstad (29).

Nellie Krokstad (29)
Påverkar
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne teksta vart først publisert som ein del av ein post på Instagram, og er omsett til nynorsk og gjeve att med løyve.

Mange udiagnostiserte, spesielt kvinner, med ADHD, går heile livet og lurar på kva det er som er gale med seg sjølv.

Kvifor klarar alle andre desse enkle tinga, medan eg slit så intenst? Det var ikkje meininga å gløyme, du berre misforstod. Eg prøvde verkeleg mitt beste å kome i tide, eg høyrde verkeleg etter, men det berre festa seg ikkje. Kvifor er eg den einaste som blir oppriktig forbanna av dette? Kvifor kan eg ikkje berre skjerpe meg? 

quote-left

Det gjer noko med deg, å høyre dette kvar dag i mange år.

quote-right

Du må alltid forklare og forsvare deg sjølv, når alle alltid kjem med kritikk fordi mange av oss ikkje passar inn i dei nevrotypiske boksane. Det å få høyre at ein er lat, når ein faktisk er utbrent eller paralysert, den smerta i kroppen etter å ville gjere noko, men fysisk ikkje klarar å gjere det, er så sabla ekte. «Du er rotete, gløymsam, useriøs, lat, du bryr deg ikkje, du høyrer det du vil høyre. No er det på tide at du fiksar opp, det er berre å fokusere.»

Det gjer noko med deg, å høyre dette kvar dag i mange år. Ein byrjar å internalisere desse tankane og kritikken ein får, og veldig mange endar opp med depresjonar, sjølvhat og i verste tilfelle, sjølvmord.

quote-left

Å få forståing og behandling tidleg, kan vere avgjerande for veldig mange

quote-right

Å få forståing og behandling tidleg, kan vere avgjerande for veldig mange. ADHD er ei kronisk liding, og jo eldre du blir, jo sterkare kan symptoma vere, og desto vanskelegare kan han vere å behandle.

Men, ADHD er ikkje berre drit. Det er òg i høg grad at du:

  • er god i kriser
  • er engasjert
  • er fantasifull
  • er den beste venen
  • er hyperfokusert
  • har auka rettferdssans
  • er nytenkande
  • har høg arbeidskapasitet
  • er spontan
  • er motstandsdyktig
  • er meir sjenerøse
  • er kreativ
  • er morosam
  • har auka empati
  • er forståingsfull
  • er løysingsorientert
  • er full av kjærleik
  • er intuitiv
  • er ein ressurs
  • er tilpassingsdyktig
  • er hjelpsam
  • er emosjonelt intelligent
quote-left

Har du møtt éin med ADHD, så har du møtt éin med ADHD

quote-right

Har du møtt éin med ADHD, så har du møtt éin med ADHD.

Vi blir alle påverka forskjellig av diagnosen, fordi vi har ulike utgangspunkt i livet. Og viss du har fått påvist ADHD og synest dette er skummelt, så ikkje nekt for det. Du kjem til å ha ADHD uansett diagnose på papir eller ikkje. Nøkkelen til eit godt liv med ADHD: Ikkje stress, berre les deg opp litt her og der, og ta éin ting om gongen. Kunnskap som gir forståing om ADHD, er alfa omega. Livet mitt har endra seg totalt, og det ønskjer eg for deg òg!

Vi treng å snakke meir om dette, for ADHD er ikkje berre hyperaktivitet, uro og konsentrasjonsproblem. Det påverkar alle aspekt av livet, og det er på tide at folk forstår dette.