«Fleire eksamenar betyr fleire slike urettferdige karakterar»
Eg fryktar at dette forslaget kjem til å føre til at fleire elevar fell utanfor den vidaregåande opplæringa, skriv Margrethe Sørheim (17) om Venstre sitt forslag til nytt partiprogram.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Venstre foreslår å innføre eksamen i alle fag i den vidaregåande skulen. Dei meiner det er meir rettferdig enn dagens ordning, og kjem til å auke elevane sin skulemotivasjon.
Det som er urettferdig, er at fem timar eller 30 minutt har like mykje å seie som eit eller to heile år. Fleire eksamenar betyr fleire slike urettferdige karakterar som har altfor mykje å seie for den enkelte elevens studiemoglegheiter.
Fleire eksamenar er feil veg å gå. Ein eksamen får berre fram ein liten del av den store kunnskapen eleven har i faget. Dette fører til at eksamenskarakteren ikkje speglar elevanes reelle kunnskap, kompetanse og engasjement i faget.
Eksamen i alle fag kjem ikkje til å auke motivasjonen til elevane, i beste fall kjem motivasjonen til å vere lik som den er i dag. Eksamen er ikkje ein god motivasjons-, men ein stressfaktor.
Eg fryktar at dette forslaget kjem til å føre til at fleire elevar fell utanfor den vidaregåande opplæringa. Vi må ta vare på alle elevane på skulen, også dei som slit med å gjennomføre dei eksamenane dei må gjennom i på skulen i dag.