Identitet

«Ein kvar kropp som nyt sommaren, er ein sommarkropp»

Eigentleg burde ein fjerne ordet «sommarkroppen», og erstatte det med det enkle ordet «kroppen», skriv Emma Stadaas (21).

Emma Stadaas (21)
Elev
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget var først publisert i VG og er republisert med samtykke.

Sommaren er her og mange har vore i hardtrening for å oppnå «sommarkroppen 2024».

Eg er født med det sjeldne syndromet Treacher Collins.

Som følgje av syndromet må eg ha gjennomført over femti operasjonar i løpet av mine tjueein år.

Dette har ført til at kroppen min er full av arr som vitnar om kampane eg har gått gjennom for å leve eit så normalt liv som mogleg. I møte med det tradisjonelle kroppsidealet har eg ofte kjend på eit press og ei kjensle av å ikkje passe inn.

Til og med utanforståande folk har uttrykt si meining om kroppen og arra mine.

Kommentarar som «du burde dekke deg til» og «arra dine er ikkje så pene», er ord eg har fått høyre fleire gongar.

Men kvifor er det slik? Kvifor skal me måle verdien vår og andre sin, ut ifrå korleis kroppane vår ser ut i bikini eller badebukse?

quote-left

Er det slik at me berre skal akseptere modellkroppane i samfunnet vårt?

quote-right

Er det slik at me berre skal akseptere modellkroppane i samfunnet vårt? Då er eg redd for å skuffe deg, ved å seie at 99 prosent av samfunnet då ville blitt felt bort.

Majoriteten av oss er ikkje modellar.

Det er på tide at me endrar synet vårt på kropp og skjønnheit.

Ein kvar kropp som nyt sommaren, er ein sommarkropp.

Det er trist at eg må skrive dette i 2024.

Me må lære oss å akseptere og feire mangfaldet av kroppar. Store, små, tynne, runde, med arr, utan arr, funksjonshemma eller ikkje.

For meg har det vore ei lang reise for å akseptere kroppen min som han er.

Heile tida må eg måtte forsvare kroppen min mot forventningane og ideala som vert tvunge på oss frå alle kantar.

Men eg har innsett at styrke og skjønnheit ikkje handlar om å sjå ut som ein «Victorias Secret-modell».

quote-left

Styrke handlar om å overvinne utfordringar som livet kastar på ein

quote-right

Styrke handlar om å overvinne utfordringar som livet kastar på ein, og om å stå opp for retten til å vere den ein er.

Til deg som les dette innlegget. Bruk sommaren til å reflektere over kva slags bodskap de sender ut når de snakkar om «sommarkroppen».

Eigentleg burde ein fjerne ordet «sommarkroppen», og erstatte det med det enkle ordet «kroppen».

Lat oss jobbe saman for å skape eit samfunn der alle kroppar vert respektert og verdsett for det dei er.

Lat oss vere gode førebilete for dei kommande generasjonane som har foreldre og vennar som lærer dei at skjønnheit ikkje berre finst i det ytre.

Sommaren er for alle, og alle kroppar har ein plass i samfunnet.

Lat oss feire mangfaldet og gå mot ein sommar der alle kjenner seg velkomne og verdsette, uansett korleis dei ser ut.