«Ein flyktning er ein flyktning, uavhengig av om dei er kurdarar, palestinarar eller ukrainarar»
Dagens asylpolitikk fører til mangel på grunnleggjande menneskerettar, meiner Raudt-politikar Nawisa Falahzadeh (20).
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Den 20. juni markerer me den internasjonale flyktningdagen, ein dag som burde vera ei påminning om vårt felles humanitære ansvar overfor dei menneska som er tvinga til å forlata sine heim på grunn av krig, forfølging og vald. Dessverre er det framleis mange utfordringar og systemfeil som flyktningar og asylsøkjarar møter kvar dag.
Draumen om ei betre framtid
Ein flyktning er ein flyktning, uavhengig av om dei er kurdarar, palestinarar eller ukrainarar. Alle deler dei same grunnleggjande behova for tryggleik, vern og verdigheit.
Dei har mista alt – heim, eigedelar, familiemedlemmer
Mange av desse menneska har kryssa farlege hav, overlevd krigssoner og opplevd svolt og nød. Dei har mista alt – heim, eigedelar, familiemedlemmer og nokre gonger håpet om ei trygg framtid.
Trass i desse prøvelsane viser dei ein oppsiktsvekkande styrke og uthald, og ber med seg draumen om ei betre framtid.
Skremmande forslag
Flyktningar blir ofte møtte med mistru og byråkratiske hindringar, og mange opplever lange ventetider, uvisse og manglande støtte.
Forslaget om å senda flyktningar til tredjeland som Rwanda er eit skremmande døme på korleis enkelte land prøver å fråskriva seg sitt humanitære ansvar. Dette ignorerer dei grunnleggjande rettane til flyktningar og set deira tryggleik og framtid i fare. Ei slik løysing er ikkje berre urettferdig, men også ei alvorleg krenking av dei internasjonale forpliktingane me har for å verna menneske på flukt.
Retten til helsehjelp
Ein asylsøkjar bør ha gratis tilgang til grunnleggjande tenester som tannhelsetenester og legehjelp. Nokon meiner at desse tenestene er luksus, men dei er nødvendigheiter for asylsøkjarar og er menneskelege behov.
Denne dagen minner oss om Yemane Teferi og tusen som han. Yemane Teferi var papirlaus og døydde på Bømlo asylmottak etter 25 år utan rett til arbeid, utdanning og helsehjelp.
Papirlause er ikkje verdilause
Papirlause er ikkje verdilause. Dei er individ med unike historier, både gode og dårlege, som har kryssa hav og skog, opplevd krig, naud og svolt, og vorte forfølgt. Papirlause fortener ikkje å bli gløymt; dei fortener handlingane våre.
Felles ansvar
Dagens asylpolitikk fører til tap, forgløyming og mangel på grunnleggjande menneskerettar.
Det er på tide med forandring, rettferd og verdigheit.
Me har alle eit ansvar for at Yemanes historie ikkje gjentek seg.