Politikk og samfunn

«Eg blir litt provosert over at Danby Choi så til dei gradar tar offerrolla»

– Han skal halde ein av dei offisielle 17. mai-talane i Oslo, noko som ikkje er ein menneskerett å få lov til, men eit privilegium han får, seier Simen Bondevik.

Simen Bondevik
Politisk rådgjevar og vara i bystyret i Oslo for Partiet Sentrum
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget vart først publisert som ein video på TikTok og Instagram og er gjeve att og omsett til nynorsk med løyve.

Lat oss oppklare nokre misforståingar som har oppstått i samband med Danby Chois 17. mai-tale i Oslo.

Eg jobbar fulltid på Rådhuset i Oslo som politisk rådgjevar for Partiet Sentrum og er vara til bystyret, og har følgt med på arbeidet til 17. mai-komitéen.

For det første skriv og uttalar Danby Choi at han skal halde «hovudtalen» på 17. mai. Det er feil. Det finst ingen hovudtale på 17. mai i Oslo.

Det skal haldast talar ved ti ulike historiske gravplassar og monument, samstundes som det blir lagt ned kransar. Danby Choi skal altså leggje ned krans og halde tale ved Henrik Ibsens grav, men denne er ikkje noko viktigare enn til dømes talen ved Krigsseglarmonumentet eller nokre av dei andre gravene der andre skal halde talar.

Så ja, Danby Choi skal halde ein tale, men det er ikkje nokon «hovudtale», noko leiaren av 17. mai-komitéen Bjørn Revil (FrP) også har stadfesta.

Danby Choi skriv også at han har blitt spurd av Oslo kommune, og eg ser fleire seie at 17. mai-komitéen har valt han som talar. Det er også feil. Måten dette fungerer på er at kvart parti i Oslo bystyre får ansvar for éi kransnedlegging kvar, og då skal også kvart parti velje ein talar.

Og her har då Høgre valt Danby Choi til å halde ein tre minutts tale ved Henrik Ibsens grav. Fleire av oss andre partia som sit i 17. mai-komitéen har uttalt oss kritisk til valet. Så vidt eg har fått med meg har Partiet Sentrum, SV og Arbeidarpartiet vore kritiske. Men det er altså Høgre sjølv som vel talar her, ikkje Oslo kommune og ikkje heile komitéen.

@simenbondevik La oss oppklare noen misforståelser: 1) Danby Choi skal ikke holde «hovedtale». 2) Det er Høyre som har valgt han, ikke Oslo kommune eller hele 17. mai-komiteen. 3) Danby Choi er ikke et offer her. 4) Ytringsfrihet er viktig, den må også gjelde de av oss som er kritiske til valget av Danby Choi som 17. mai-taler. #danbychoi #17mai #oslobystyre #norskpolitikk #politikk ♬ original sound – Simen Bondevik

Vi i Partiet Sentrum har til dømes ansvar for Krigsseglarmonumentet på 17. mai. Og her har vi då valt krigsveteran Olav C. Tveiten til å halde talen. Det synest eg er eit betre og meir passande val enn Høgres val av Danby Choi.

Og så blir eg litt provosert over at Danby Choi så til dei gradar tar offerrolla i debatten som har følgd. Som om han liksom får knebla ytringsfridomen sin. For det får han jo verkeleg ikkje. Han skal halde ein av dei offisielle 17. mai-talane i Oslo, noko som ikkje er ein menneskerett å få lov til, men eit privilegium han får.

Men då må også dei som kanskje tenkjer at det ikkje var det klokaste valet av talar, få lov til å nytte sin ytringsfridom gjennom å seie at ein synest det er ein dårleg idé.