Identitet

«Det kan vera kjipt å seia ifrå til naboen som brukar ordet «homo» som skjellsord»

Fleire må våga å seia ifrå og stå opp mot skadelege handlingar og haldningar, sa Alexander Papas (22) i sin appell under Pride i Dalen.

Alexander Papas (22)
4.-kandidat til fylkestinget for Vestland SV
Publisert
Oppdatert 28.06.2023 09:06

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Appellen vart halde under Pride i Uskedalen 24. juni 2023 og er publisert med løyve.

Barn og vaksne! Unge og eldre! Skeive og allierte!

Eg er Alexander Papas. Eg er 22 år. Eg er stordabu, lærarstudent og studentpolitikar. Eg er son, storebror og barnebarn. Eg er ein støttande venn, ein omtenksam kjærast og ein engasjert samfunnsborgar. Eg vil tillata meg å seia at eg er ein ganske ok person som gjer mitt beste, og ikkje vil nokon noko vondt.

I mange land, også i Noreg, er det likevel mange som ikkje likar eller ønskjer at eg skal vera meg. I 64 land er det ulovleg å vera meg. I mange land er det dødsstraff for sånne som meg, og i fleire land er det ulovleg å snakka positivt om det å vera ein sånn som meg. Fram til 1972 var eg ulovleg i Noreg. Korfor? Fordi eg er homofil.

quote-left

I mange land er det dødsstraff for sånne som meg

quote-right

Heldigvis går det betre i Noreg. Dei aller fleste tenkjer at det er godt, viktig og fint å vera seg sjølv, men også i Noreg har me ein veg å gå. Kvar femte nordmann synest det er ubehageleg å sjå skeive menneske kyssa eller klemma. Kvar fjerde nordmann synest det er verre å sjå homofile klemma eller kyssa, enn å sjå heterofile gjera det same. Transpersonar og ikkje-binære har langt dårlegare levekår enn resten av befolkninga, og er særleg utsette for hat, vald og truslar.

Eg har gledd meg til å komma til Uskedalen for å feira og markera pride, men eg har kvidd meg til å halda denne appellen. Eg er aktivist, eg er sosialist og eg trur at menneske kan forandra verda saman, men eg er også sliten, oppgitt og lei meg. Pride er ei årleg markering og feiring av mangfald, kjærleik, identitet og retten til å elska seg sjølv for den ein er, men kvart år blir pride heller brukt til å måtta forsvara det at skeive menneske eksisterer. Pridehendingar blir avlyste på grunn av truslar, regnbogeflagg blir sette fyr på, og i kommentarfelta kan ein lesa om kor unødvendig pride i det heile teke er. Sånn kan me ikkje ha det, og sånn vil me ikkje ha det.

I morgon er det eitt år sidan det skeive miljøet i Noreg blei utsett for eit terroråtak.

25. juni 2022 skjedde det ei masseskyting i hovudstaden under Oslo Pride. To personar blei drepne, minst 21 personar blei skadde, og langt fleire blei traumatiserte og redde.

quote-left

Dette miljøet er også slitne, sjølv om dei modig held fram i kampen.

quote-right

Dette skeive miljøet stod som alltid opp for seg sjølve – også etter dette angrepet. Transpersonar, ikkje-binære, og skeive med minoritetsbakgrunn og nedsett funksjonsevne i spissen, nokre av dei mest marginaliserte gruppene i vårt samfunn, trassa dei grunnlovsstridige tilrådingane til styresmaktene og arrangerte solidaritetsmarkeringar over heile landet. Dette miljøet er også slitne, sjølv om dei modig held fram i kampen.

Etter terrorangrepet i fjor var det mange som snakka om kor sjukt og utenkjeleg det var at det finst eit så stort hat mot skeive i Noreg i dag. Det gjer meg provosert at folk seier det. Det som er sjukt og utenkjeleg er ikkje at det finst hat, for det har me skeive visst lenge. Det som er sjukt er at nokon vel å skyta mot oss.

Det er viktig at ein heiser regnbogeflagget, går i prideparadar og deler fargerike innlegg på sosiale medium, men det er dessverre ikkje nok. Skeive menneske må kunna leva trygge liv og ha gode levekår i dette landet. Då må langt fleire engasjera seg. Det krev at fleire må tora å ta dei vanskelege samtalane. Det krev at fleire må våga å seia ifrå og stå opp mot skadelege handlingar og haldningar. Det krev at fleire må slutta å vera passive og likegyldige, og heller bli aktive i kampen for å skapa eit samfunn for alle. Det krev ikkje minst at fleire engasjerer seg politisk.

quote-left

Det kan kjennast vanskeleg å ta oppgjeret i idrettslaget, bedehuset, klasserommet, familieselskapet eller gutegjengen

quote-right

Det kan vera ubehageleg å ta kampen. Tru meg. Det kan vera kjipt å seia ifrå til naboen som brukar ordet «homo» som eit skjellsord, og det kan vera slitsamt å seia ifrå til familiemedlemmen som nektar for at transpersonar finst. Det kan kjennast vanskeleg å ta oppgjeret i idrettslaget, bedehuset, klasserommet, familieselskapet eller gutegjengen. Det kan vera ubehageleg å ta diskusjonen på pauserommet, kontoret, festen, rundt middagsbordet og i alle andre situasjonar der det krevst at nokon vågar. Eg kan ikkje garantera dykk at det å vera med i kampen berre er lett, men eg kan garantera at det verkar og er verdt det.

Det er godt å vera her i Uskedalen i dag. Det varmar å sjå at de vil feira mangfaldet og kjærleiken, og støtta kampen for at alle menneske kan vera seg sjølve. Derfor håpar eg at de også vil vera med vidare og ta kampen saman med oss.

Eg har snakka om at eg er sliten, oppgitt og lei meg, men eg er også motivert, kampklar og stolt.

Eg er stolt fordi eg er meg sjølv, eg er stolt fordi eg er ein del av ei modig rørsle, og er stolt fordi eg veit me berre blir fleire.

Kampen held fram, og eg ønskjer kvar og ein av dykk velkommen til å kjempa saman med oss.

Happy pride, alle saman!