Utdanning

«Det er på høg tid å innføra engelsk som fellesfag også i vg2!»

Å utvida engelskundervisninga til vg2 vil gi elevar ein endå betre sjanse til å lykkast i ei internasjonal og digital verd, meiner Kitty (16) og Anders (17) i Unge Høgre.

Kitty Theobald Gjerland og Anders Heggemsnes Simonsen
Leiar i Arendal og Grimstad Unge Høgre og viseformann i Vestre Aker Unge Høgre
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

«The future is now old man» var det ein gong nokon som sa. Det han sa, det stemmer jo, framtida er her. Verda blir meir og meir knytt saman, særleg gjennom ein digital røyndom.

Dette er ein røyndom der utviklinga og innovasjonen skjer på engelsk. Alt frå programmering av system til utvikling av teknologi går føre seg på tvers av landegrenser, og det går føre seg på engelsk.

Frå og med ungdomsskulen blir elevar introduserte for eit nytt framandspråk i tillegg til engelsk. Med eit nytt språk, som kan vera alt frå fransk til arabisk, står mange elevar overfor mange språk og lite tid. Slik det er no så blir framandspråk 2 prioritert som fellesfag opp til vg2 på dei studiespesialiserande linjene, medan engelsk berre er obligatoriske fram til vg1. Denne fordelinga av språkundervisninga er rett og slett ei feilprioritering i ei tid der global kommunikasjon er avgjerande. Det er på høg tid å innføra engelsk som fellesfag også i vg2!

quote-left

Fordelinga av språkundervisninga er rett og slett ei feilprioritering

quote-right

Engelsk er verdas mest brukte og forståtte språk. I ei stadig meir globalisert verd er det avgjerande at nordmenn skal kunna kommunisera med resten av verda. Engelsk er ikkje berre eit språk for handel, men også for kultur, teknologi og alt anna småtteri du ikkje hadde forventa.

Å utvida engelskundervisninga til vg2 vil gi elevar ein endå betre sjanse til å lykkast i ei internasjonal og digital verd. I dag er koding pensum i all matematikk elevane kan velja på vidaregåande, og kodinga ein lærer går føre seg i veldig stor grad på engelsk. Dette fører til at elevar som er svake i engelsk også blir haldne tilbake i matematikk.

Medan tysk, fransk og spansk sjølvsagt har sin verdi, er realiteten at dei aller fleste nordmennene har avgrensa bruk for desse språka samanlikna med engelsk.

Engelsk er det digitale språket. Viss du ønskjer å utdanna deg innanfor noko som helst som har med digitale løysingar eller koding i dag, så må du meistra engelsk på eit ganske høgt nivå for å kunna komma deg gjennom stoffet. Det opnar dører for internasjonale moglegheiter, jobbmarknaden og kulturell utveksling på ein måte som andre valfag ikkje kan matcha. Det å leggja ekstra vekt på engelskundervisning gir elevane ei praktisk ferdigheit som vil vera meir til nytte gjennom heile livet.

quote-left

Det er rett og slett på tide at språkundervisninga i skulen tilpassar seg den verkelege verda

quote-right

I år 2024, og garantert mange år framover, er ikkje berre engelsk eit skulefag – det er ein del av vårt daglege liv. Anten det er gjennom internett, sosiale medium eller høgare utdanning, møter me engelsk overalt.

Å læra engelsk grundigare i vg2 vil ikkje berre gi oss endå betre språkferdigheiter, men også kulturell innsikt og forståing som er avgjerande i dagens globaliserte samfunn.

Det er rett og slett på tide at språkundervisninga i skulen tilpassar seg den verkelege verda. Standarden for nordmenn som snakkar engelsk i utlandet kan ikkje vera «It’s not the fart that kills, it’s the smell.» Å gjera engelsk til eit fellesfag i vg2 er eit nødvendig tiltak for å gjera dagens unge førebudde på ein globalisert kvardag.